Hopp til innhold

Fryktar Ap går på sykehussmell

Arbeiderpartiet kan komme til å gå på ein kraftig smell i lokalvalet neste år etter bråket om lokalsjukehus og kraftmaster. Partisekretær Raymond Johansen er uroa.

Lærdal sjukehus

STRID: Framtida til Lærdal sjukehus.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det største regjeringspartiet er under eit veldig press på Vestlandet, fastslår valforskar Bernt Aardal.

Sjukehusstriden

Kampen om kraftmastene gjennom Hardanger er ikkje avgjort, og no blæs det også til strid om lokalsykehus på Vestlandet, ikkje minst i Sogn og Fjordane.

– Arbeidarpartiet og dei to andre regjeringspartia ligg generelt dårleg an framfor lokalvalet til neste år. Hardanger-saka og striden om lokalsjukehusa hjelper ikkje på situasjonen – for å seie det forsiktig, seier Aardal til NTB.

Bernt Aardal

FRYKTAR: Den bitre sjukehusstriden og kraftmastene i Hardanger kan råke Ap hardt, trur valforskar Bernt Aardal.

Foto: Scanpix

Han presiserer at det er vanskeleg å seie korleis dei spontane reaksjonane frå veljarane vil slå ut ved valet neste haust. Men Ap kan bli straffa hardt i ein region der dei tradisjonelt har stått svakt.

Mistillit til helseministeren

I Sogn og Fjordane er Arbeidarpartiet sitt lokallag i Selje lagt ned, og Vågsøy-ordførar Roger B. Silden og fylkestingsrepresentant Gunnvor A. Sunde frå Gloppen har begge meldt seg ut av paritet i protest mot nedbygginga av lokalsjukehus.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fakkelmarkering for sjukehuset

MOBILISERER: Foredlre og småborn gjekk måndag song måndag for sjukehuset på Nordfjordeid.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

I Molde har det gått så hardt for seg at Ap sitt lokallag i byen har erklært fullstendig mistillit til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Måndag var ho i Ålesund, og tysdag kjem ho til Molde for å møte dei tillitsvalde ved sjukehuset i byen.

Ifølgje statsråden, som siterte Helse Midt-Norge, er det ikkje midlar til å byggje nytt sjukehus i Molde før i 2018. I samme andedrag freda helseministeren føde- og akuttavdelinga på lokalsjukehuset i Kristiansund.

Fødeavdeling

STRID: Framtida til Nordfjord sjukehus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Om misnøyen med helseministeren no er stor i Molde, gjekk det begeistringstog i Kristiansund i helga. Men at Arbeidarpartiet og resten av regjeringa no føler presset, er openbert, seier valforskaren.

Johansen er bekymra

Partisekretær Raymond Johansen i Ap legg ikkje skjul på at svake meiningsmålingar, utmeldingar og misnøye i mellom anna Molde, Lærdal og Nordfjordeid gir grunn til uro. Han trur likevel det skal vere mogleg å attvinne tilliten blant vestlandsveljarane.

Raymond Johansen

HÅPAR: Partisekretær Raymond Johansen vedgår at partiet opplever ei tøff tid, men trur på veljarane sin tillit når ein kjem til valet.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Vi har ein sterk organisasjon og ikkje minst Norges beste valkamporganisasjon. Det er derfor vi vinn val og blir attvalde, srier Johansen til NTB.

Han påpeker at partiet opplever flere innmeldinger enn utmeldinger i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, uten at innmeldingene kan knyttes til kampen om lokalsykehusene.

– Har ikkje lyge

Anne-Grete Strøm-Erichsen avviser at ho har ført folk i Molde bak lyset ved å skape forventningar om snarleg bygging av nytt sjukehus. Der har ein brukt ord som mistillit, svik og løgn om henne dei siste dagane.

– Eg har ikkje lyge til nokon, seier Strøm-Erichsen til NTB.

(NTB/NRK)