Hopp til innhold

Fryktar at andre vil fylgje etter

Sveinung Rotevatn fryktar uro i andre EU-land etter at eldre britar sørga for å stemme Storbritannia ut av EU mot unge generasjonar sitt ønske om å bli verande.

Sveinung Rotevatn frå Venstre på Stortinget

IKKJE NØGD: Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– So langt har Marie Le Pen frå det ytre høgre i Frankrike krevd det same som i Storbritannia. Det same har Gert Wilders i Nederland. No blir det stor uro i andre større EU-land. Eg håpar dei ikkje får viljen sin, seier Rotevatn.

I dag vart det klart at Storbritannia vil forlate EU etter eit knapt fleirtal for utmelding under folkerøystinga i går.

– Vi har fått eit sterkt splitta Storbritannia. Skottland ynskjer å halde fram i EU og det kan trigge ein ny folkerøysting som kan føre til at Storbritannia blir oppløyst. Og i morgontimane fekk me melding om at det blir sett opp grensevakter i Nord-Irland. David Cameron kan bli hugsa ikkje berre som den statstministeren som svekka EU, men også den som sørga for at Storbritannia vart splitta opp, sa Rotevatn (V) under ein radiodebatt med Liv Signe Navarsete (Sp) på NRK Sogn og Fjordane i morgontimane i dag.

Propaganda

Navarsete på si side meiner det har vore mykje skrekkpropaganda rundt Brexit, mykje lik den som var ved EU-valet i Norge i 1992. Men også ho ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire utmeldingar.

Liv Signe Navarsete

NØGD: Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

–Sannsynlegvis vil det gå langt betre enn kva propagandaen har sagt. Det som har skjedd i natt bør vere ein vekkar for EU og makteliten i Brussel. Ellers får me fleire hendingar som i Storbritannia.

Rotevatn peikar på at britane i løpet av natta har mista 10 prosent av kjøpekrafta si.

– Kor alvorleg dette vil bli vil tida vise. Dette handlar ikkje berre om selskap og investorar, men pengar og pensjonar til vanlege folk. For Storbritannia kan dette økonomisk sjå veldig stygt ut, meiner Rotevatn, som i 2012 vart kåra til Årets Europear.

Håpar på avtale

– Men eit fleirtal av britane er mindre skeptiske enn deg til dette?

– Britane veit kva dei har gjort. Men eg håpar Storbritannia får på plass ein god avtale med EU, gjerne like god som EØS-avtalen med Norge, men det kjem til å ta mange år og i mellomtida er det vanlege britiske familiar som vil lide.

– Navarsete: Kva med fredsrolla til EU. Kva konsekvensar kan valet få?

– Storbritannìa vel seg ikkje ut av Europa, og heller ikkje ut av NATO. Så skal ikkje eg underslå EU si rolle rundt tett samarbeid, men det går an å samarbeide utan å vere i union. Folket har sagt sitt om kva retning EU har gått. Dette har leiarskapet i EU lagt opp til sjølv ved ikkje å lytte til folket. Men eg trur folk i Europa er oppteken av samarbeid rundt fred og vil fortsetje med det.