Hopp til innhold

Fryktar å stryke om han prioriterer køyretimane

FØRDE (NRK): Frykta for ikkje å få karakter, gjer at mange elevar no prøver å få køyretimar på kveldstid. Lærekøyring er ikkje lenger gyldig fråvære i den vidaregåande skulen.

Elevar på vidaregåande fortvilar over strengare fråværskrav som gjer det vanskeleg å ta lappen i skuletida. 
Men kunnskapsministeren meiner elevane må leva med køyretimar etter skuleslutt.

Tormod Arstein (16) står bøygd over saga på Øyrane vidaregåande skule i Førde. Målet er klart; å bli så flink at han kan gå ut i lære og bli tømrar. Men han meiner at det å ikkje kunne ta køyretimar i skuletida kan få følgjer.

– Førarkortet blir veldig viktig i jobben. Eg kan ikkje vere avhengig av kollegaer og læremeisteren. Eg må kunne ta med verktøyet, seier Tormod.

Han legg ikkje skjul på kva han meiner om den nye fråværsregelen som seier at med 15 prosent fråvære i eit fag, så blir det ingen karakter.

– Eg tenker at dette rett og slett er litt idiotisk, denne fråværsregelen er berre tull. Det er ikkje mange timane som skal til for at vi ikkje får karakter i eit fag, seier ein oppgitt tømrarelev.

– Vi har eit liv utanom jobben

Køyrelærar Jan Erik Odden hevdar sterkt at den nye fråværsregelen vil bli eit problem, også for dei som driv med køyreopplæring.

– Vi har store hol i timelistene våre og difor må vi prøve så godt vi kan å finne tak i elevar som kan køyre. Vi får trøbbel med innteninga, og vi får mange spørsmål om å køyre på kveldstid. Men til liks med dei fleste andre har vi eit liv utanom jobben, seier Odden.

Han peikar på at elevane bør få høve til å køyre når det er lyst og på ei tid på dagen der det faktisk er trafikk.

– No er det jo snart mørkt klokka fem, og då kan dei ikkje køyre. Køyreopplæringa bør inn att som dokumentert fråvære, meiner han.

Kjem ikkje til å endre

Men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har ikkje mykje til overs for argumentasjonen til verken eleven eller køyrelæraren.

– Dette er ei problemstilling vi både har tenkt på og vurdert. Den nye fråværsregelen kjem av ein enkelt grunn. Det er at vi vil at elevane skal vere til stades i undervisninga når det er skule. Det betyr at andre ting må setjast i andre rekke.

– Kan det vere aktuelt å endre på dette?

– Nei, vi kjem ikkje til å gje gyldig fråvære for køyretimar. Men fråværsreglane er slik at det er mogleg vere vekke frå ein del timar utan at ein dermed treng å miste karakter. Det er ingen grunn til å tru at fråværsreglar vil føre til at færre tek førarkort, meiner statsråden.