NRK Meny
Normal

Fryktar å miste framtidige tilsette i Måløy

MÅLØY (NRK): Medan IT-miljøet i Måløy treng arbeidskraft, vurderer fylkeskommunen å kutte i talet læreplassar.

IT-elevar ved Localhost i Måløy

TRUA: 16-åringane Eduard Andrei Criesta og Sebastian Kvalheim har trua på ei framtid innan IT i Måløy, men om tilbodet vert nedlagt kan det bli få som kjem etter dei.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

IT-miljøet i Måløy har blitt hylla av politikarane. Private investeringar blir gjort for fleire hundre millionar kroner i Lefdal gruve, men på den andre sida vurderer no politikarane å kutte i IKT-tilbodet ved Måløy VGS.

Opplæringsdirektøren har føreslege å kutte talet læreplassar innan det såkalla YSK-tilbodet. YSK, (tidlegare TAF) står for Yrkes- og studiekompetanse og over eit løp på fire år får elevane både studiekompetanse og fagbrev innan helse, akvakultur, industriteknologi eller IKT. I tillegg til å kutte i tal læreplassar vil administrasjonen fjerne heile IKT-tilbodet.

Les også: Åtvarar mot å love unge læreplassar

Sindre Kvalheim, dagleg leiar i Localhost, er oppgitt. Nyhenda om at lina kunne forsvinne kom overraskande.

– Politikarane bør spørje seg sjølv kvifor næringslivet skal gidde å stille opp neste gong, når vi ikkje får føreseielegheit?

Trur på jobb i Lefdal mine datasenter

Localhost er hovudaksjonær i Lefdal Mine Datacenter, frå kontora i Måløy har ein bygd opp eit miljø der ulike verksemder har skapt 70 arbeidsplassar. Inne i lokala har to 16-åringar byta ut skulepulten med svarte skinnstolar og dataskjermar. Sebastian Kvalheim er ein av elevane som både skal få fagbrev innan IT, og studiekompetanse.

Skisse over Lefdal gruve slik den skal sjå ut

DATASENTER: Lefdal Mine Datacenter er under bygging. Investeringa til fleire hundre millionar kroner kan fort bety mange IKT-jobbar i regionen.

Foto: Nordwest3D

– Eg har alltid hatt interesse for data. Det er dette eg vil jobbe med. Absolutt.

Medeleven Eduard Andrei Criesta er samd.

– Eg føler at dette kickstartar framtida mi. Eg vil bli nettverk- eller dataingeniør mest truleg her i Måløy. Det som skjer i Lefdal har eg trua på.

– Handplukka elevar som skal kome tilbake til fylket

Sindre Kvalheim meiner elevane vil bli ettertrakta i arbeidslivet.

– Desse studentane er handplukka. Dei lærer seg 100 prosent relevant teknologi frå dag ein. Det er lettare å rekruttere folk frå regionen, som vi kan påverke og som vi har stor tru på at vi kan få tilbake.

Sindre Kvalheim og Kristin Maurstad

OPPGITTE: – Det er uforståeleg at nokon kallar det fordyrande når næringslivet faktisk betalar for det, seier Sindre Kvalheim som er dagleg leiar i Localhost. Til høgre ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordføraren krev at tilbodet vert vidareført

Ap-ordførar Kristin Maurstad er misnøgd med at tilbod kan forsvinne:

– Vi har verksemder som verkeleg har satsa på dette som Localhost og Videonor. Då tykkjer eg det er trist at det skal byggast ned.

Men kven skal betale prisen om ein ikkje kuttar i Måløy?

– Eg har forståing for at dette er eit puslespel som skal gå saman, men her heng ikkje saksutgreiinga i hop. Det står ingenting om kva ein skal kunne spare på å legge ned.

Avgjerda fell i morgon

Leiar i Hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger (Ap) seier saka skal avgjerast tysdag.

Karianne Torvanger i fylkestinget

USIKKER: Karianne Torvanger (Ap) seier YSK-tilbodet er kostbart.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har ikkje landa på denne saka endå. No har fylkesrådmannen lagt fram sitt råd. Vi vil gå gjennom innspela vi har fått og sjå om vi kan løyse dette på ein best mogleg måte.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå