NRK Meny
Normal

Fryktar å hamne under Bergen

Sjukehustilsette i Førde er redde for at sentralsjukehuset skal verte eit lokalsjukehus under Bergen.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Kring 100 tilsette møtte opp til informasjonsmøte i dag tidleg. Og dei skal kjempe for eit sterkt sentralsjukehus, seier avdelingssjukepleiar Joril Viken Sandnes.

- Vi er engasjerte, for det er veldig viktig at sentralsjukehuset står stødig og støtt. Byrjar dei å plukke vekk funksjonar, risikerer vi å sitje att utan eit sentralsjukehus i fylket, seier ho.

Skal spreie informasjon

Joril Viken Sandnes
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Og det er det dei tilsette er redde for. Dei ser for seg at sentralsjukehuset vert eit lokalsjukehus under Bergen dersom denne utviklinga fortset. Difor set dei no i gong med å spreie informasjon til dei andre tilsette og til folket i fylket. Særskilt vil dei syne kor viktig spesialhelsetenesta er.

- Vi vil ha fokus på utdanning av spesialistar, det betyr mykje i høve til å behalde spesialistar i fylket. Det er viktig informasjon å få fram, seier ho.

Store kutt

For Sentralsjukehuset står i fare for store kutt. Helse Førde må spare 60 millionar kroner innan to år, og etter at nok ein lokalsjukehusfunksjon er freda, aukar faren for større nedskjeringar ved Sentralsjukehuset.

Vil kjempe for helsetenesta

Ifylgje Sandnes er dei tilsette klare for å kjempe for den framtidige helsetenesta til folk i Sogn og Fjordane.

- Vi vil at folk i Sogn og Fjordane skal vere bevisste om kva slags funksjonar sentralsjukehuset har og kva slags funksjonar vi må ha, seier ho.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.