Hopp til innhold

Fryktar 4G erstattar fiberutbygging

Sogn og Fjordane har hamna i bakleksa når det gjeld utbygging av fiber. Leiaren i nasjonalt breibandråd fryktar 4G-utbygginga skal føre til ei ytterlegare forverring.

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

SUPPLEMENT: Jan Heggheim i Nasjonalt breibandråd er klar på at 4G aldri vil kunne erstatte fiberbreiband.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

God nettdekning på mobil, nettbrett og datamaskin har for dei aller fleste blitt ein sjølvfølge, nesten uansett kor vi er.

Og i Sogn og Fjordane går utbygginga unna. Den siste tida har vi vore blant dei beste i klassa på utbygging av 4G-nettet, men når det kjem til utbygging av fiberdekning har vi hamna i bakleksa.

Berre tre av ti innbyggjarar i fylket har tilgang på fiber, noko som er langt under landssnittet der sju av ti har tilgang.

Jan Heggheim som er leiar i Nasjonalt breibandråd fryktar 4G skal erstatte fiber mange stader.

– 4G er eit trådlaust system og noko vi alle er veldig glade i når vi er ute å reiser og slike ting. Men 4G kan aldri erstatte god fiberdekning ut til heimane til folk, seier han.

Redd 4G blir erstatning – ikkje supplement

Som leiar i Nasjonalt breibandråd jobbar Jan Heggheim for fiber til folket.

Internett via fiber er kablar i bakken som kan gje ekstremt raskt nett i heimen eller på jobb, medan 4G er eit trådlaust mobilnettverk ein kan bruke til å surfe på mobil, nettbrett og liknande.

Heggheim er ikkje nøgd med utbygginga av fiber i heimfylket Sogn og Fjordane. Medan mobilnettet har blitt utbygd i ein veldig fart det siste halvåret, har talet på kor mange som har tilgang på fiber halde seg stabilt låg.

Berre tre av ti i Sogn og Fjordane har tilgang på fiber, medan talet for landet sett under eitt er sju av ti. Heggheim fryktar 4G blir erstatninga, i staden for supplementet, til fiber mange stader.

– Om vi let oss sjarmere av den litt overdrivne marknadsføringa av kva 4G faktisk kan yte, så kan det fort skje, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

4G på t-banens linje 5

MOBIL: I område med 4G-dekning kan du surfe svært raskt på til dømes mobiltelefonen din.

Foto: Gøril Furu / NRK

Fryktar konsekvensane

Gjennom fiber kan ein altså få ekstreme hastigheiter på nettet, medan ein med 4G i teorien skal kunne få opp mot 100 megabit i sekundet.

Men kor det er god 4G-dekning er veldig avhengig av geografien, og ikkje minst kor mange som nyttar nettet samtidig. Difor stoggar vanlegvis datastraumen på langt lågare hastigheit, fortel Heggheim.

– Vi pleier med eit smil av og til å bruke eksempelet med mjølkekartongen. Det kan bli som å gå i butikken for å kjøpe mjølk, og der får du berre ein desiliter i kartongen fordi meieriet har sagt at du får opp til ein liter, seier han.

Han meiner det vil vere svært uheldig om ein ikkje får fart på fiberutbygginga i Sogn og Fjordane.

– Konsekvensen kan vere at det er lite attraktivt å busetje seg her. Vi skal ikkje gløyme at folk flest vurderer godt breiband på lik linje med veg, vatn og kloakk i husa sine, seier han.

– Viktig for å utnytte distrikts-Norge

Det synspunktet delar Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket, som jobbar med rekruttering til arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje tvil om at fiber er viktig for folk, seier ho og er klar på at det må gjerast ein stor jobb for å få fart på utbygginga.

– For å utnytte distrikts-Norge best mogleg er breiband viktig. Det er veldig viktig for grunderverksemd og for å utnytte busetnaden i distrikta, seier ho.

Har løyvd 160 mill. – kommunane har søkt om 900

– For ein familie med mange einingar i heimen sin vil ikkje 4G i dag kunne konkurrere ut fiberdekning, seier Reynir Johannesson som er politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

Staten har løyva 160 millionar kroner til fiberutbygging. Men 180 kommunar i landet har allereie søkt om stønad til prosjekt verdt 900 millionar, 23 av kommunane er i Sogn og Fjordane.

– Dette er ein billig måte å byggje ut infrastrukturen på. Og er det noko denne regjeringa snakkar mykje om, så er det nettopp infrastruktur. Dette er noko av det rimelegaste dei kan finne på for å auke bukvaliteten og næringsgrunnlaget i fylke som til dømes Sogn og Fjordane, seier Heggheim i Nasjonalt breibandråd.

– Eg er sjølvsagt einig i at fiberutbygging er eit veldig sentralt element i utviklinga i eit fylke, seier Johannesson.

Han forsikrar samtidig at det ikkje vil vere enten eller når det kjem til utbygging av 4G eller fiber. I staden for å løyve meir pengar til utbygginga, ønskjer regjeringa å gjere behovet for pengar mindre.

I dag er det slik at regelverket for kor djupt ein må leggje fiberkablane varierer frå kommune til kommune. Departementet vil forenkle regelverket slik at ein ikkje lenger må grave så djupt, noko som kan gjere utbygginga billegare.

– Denne regjeringa er ikkje spesielt glad i subsidiar. Så om vi kan gjere det slik at vi får eit enklare regelverk som kan kutte kostnader for utbygginga, vil ikkje skriket etter subsidiar vere like stort.