Hopp til innhold

Fryktar 250 kan miste jobben

250 personar kan miste jobben om Statoil bestemmer seg for å samle forsynings-og logistikkfunksjonen sin på Mongstad.

Bjørn Hollevik og Kjetil Myrland la fram rapport om Fjordbase og Statoil

KONSEKVENSAR: Bjørn Hollevik og Kjetil Mydland la fram rapport om Fjordbase og Statoil. Konsekvensen av planane kan bli store.

Foto: NRK

– Eg må seie at vi hadde forventningar om å få andre oppgåver. Statoil har i mange år vore nøgde med kvalitet og pris som blir levert frå Florø, og difor er eg skuffa over at vi no skal ha eit bytespel, seier Bjørn Hollevik.

Statoil kom i april med signal om at dei vurderer å samle forsynings- og logistikkfuksjonen sin i nordre del av Nordsjøbassenget til éin base - Mongstad.

Håpar Statoil innser problemet

Det kan bety avvikling av denne funksjonen på dei to andre basane, CCB på Sotra og Fjordbase i Florø.

Fredag la Florø Industri- og Næringsforening (FIN) fram ein rapport utarbeidd av PWC, som syner at konsekvensane av ein slik eventuell endring vil kunne medføre store konsekvensar for Flora kommune.

– Eg håpar at når Statoil får denne rapporten, så ser dei kor viktig aktivitet deira er for Flora - og at dei heller legg meir av verksemda hit, seier Hollevik.

– Mange fleire indirekte råka

I rapporten frå revisjonfirmaet kjem det fram at 250 arbeidsplassar kan bli direkte råka av ei omorganisering av aktiviteten til Statoil.

Ifølgje Florø Industri- og Næringsforening utgjer dette omlag fem prosent av all sysselsetjing i kommunen. I tillegg kjem alle funksjonar som kan bli indirekte råka.

– Vi kan gange talet vårt både med to og tre for å finne ut alle som blir skadelidande, dersom Statoil trekkjer seg ut frå Florø, seier Hollevik til NRK.no.

– Statoil vil halde oppe sysselsetjing

Ifølgje informasjonssjef Ole Anders Skauby er det lite som er avklart frå Statoil si side.

– Vi har ikkje komme til konklusjon i arbeidet med å sjå på seglingsmønsteret på Vestlandet. Det pågår eit arbeid med å sjå på dette, og vi ser no på å optimalisere dette for å redusere kostnader og CO2-utslepp frå fartøya, seier han til NRK.no.

– Forstår du frykten frå Florø?

– Vi forstår at det er frykt, og at dette skaper usikkerheit. Det som er viktig for oss er at vi held fram den gode dialogen vi har med dei involverte partane.

– Det er viktig å understreke at i den grad det vil gi endringar i aktiviteten, vil vi søkje å skape alternativ aktivitet - slik at sysselsetjinga vil bli vidareført. Men dette er noko vi jobbar med, og vi vil bruke tid på å komme til ein konklusjon, seier Skauby.

– Når ser du for deg at de har eit svar om framtida for Florø?

– Det er vanskeleg å gje eit tidsperspektiv. Men det vil iallfall gå nokre år før eventuelle endringar blitt sett ut i livet, seier informasjonssjefen.