Frykta folk var tekne av skred

Laurdag ettermiddag fekk politiet melding om at det hadde gått eit snøras ved Turtagrø i Luster.

Luster Røde Kors blei sende til området for å sjekke om nokon var tekne av raset. Det er mykje folk i området denne helga på grunn av High Camp og det var deltakarar her som melde frå om eit skred i Ringsbotn.

Ei stund frykta politiet at folk hadde blitt tekne av raset. Røde Kors blei sendt ut med to snøskuterpatruljer for å sjekke. Kort tid etter kom det melding om at det var isbreen som hadde kalva og at ingen var trefte av israset.

– Vi har no avblåst aksjonen, opplyser politiet.

NRK anbefaler

Brannvesenet fleire stader manglar utstyr til å ta seg opp i høge bygningar.
Nizar Alkoran feirar at han har fått opphald i Norge. Frode Forfang i UDI og statsråd Sylvi Listhaug forklarer at dei no får søknadane raskt unna.
Først til Gloppen der heradshuset på Sandane brann i natt. Over tjue brannmenn kjempa mot flammane, men måtte gje opp kampen for å berga kommunestyresalen.