NRK Meny
Normal

Jobba på spreng for å hindre eksplosjon

Medan uvêret «Dagmar» fjerna 300 kvadratmeter tak på D-hallen i Øvre Årdal, jobba mannskap på spreng for å hindre eksplosjon i elektrolyseomnane.

Hydro i Årdal

KUNNE EKSPLODERT: Vatn i omnane kan føre til store eksplosjonar.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vatn i omnane kan føre til store eksplosjonar, men dei som var på jobb var føre var og gjorde ein formidabel innsats, seier fabrikksjef Arne Werge-Olsen til Sogn Avis.

Han fortel at det var D-hallen i Øvre Årdal det gjekk verst ut over. Då taket vart teke av vinden, gav dette store ringverknader.

– Fleire av takplatene landa på taket i ein produksjonshall og førte til betydelege vasslekkasjar, seier Werge-Olsen.

Vanskeleg å slå fast nokon sum

Hydro vart påført store skadar i uvêret, men det er førebels uvisst å seie noko om kor store summar det er snakk om.

– Me snakkar nok om fleire hundre tusen. Kanskje meir, seier Werge-Olsen.

Uvêret har også leia til losseproblem på kaia på Tangen. Ein losseleidning for bek vart nemleg riven sund.

– Det fører til at me i dag ikkje kan losse bek frå båtane. Bek stivnar når det blir for kaldt, så med tanke på at me opererer med ei tidsfrist her, er dette svært alvorleg, seier Werge-Olsen.

Produserte som normalt

Fabrikksjefen er glad for at det likevel berre var snakk om materielle skadar. Produksjonen har gått omtrent som normalt, trass i uvêret.

– Eg var mest redd for at me skulle mista straumen, men det gjekk relativt bra, seier Werge-Olsen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune