Jan Henrik Nygård som er fylkesleiar for Venstre i Sogn og Fjordane, sa i går at han ville ha fjerna eller flytta Listhaug.
– Eg tykkjer dette er ei ansvarleg handling. Det står respekt av det ho her har gjort. Eg vil vente med å kommentere så mykje meir før eg har høyrt hennar og statsministeren si grunngjeving.
- Les også:
FrP-nestor Frank Willy Djuvik meiner regjeringa no har mista ein av sine beste statsrådar.
– Frp har mista ein av våre desidert beste statsrådar, og Norge har mista tidenes beste statsråd i alle fall knytt til innvandringsfeltet. Dette tykkjer eg er veldig trist.
Han meier det beste hadde vore om Listhaug heldt fram som justisminister.
– Det å felle ein statsråd på grunn av meiningane, og ikkje at vervet er vanskjøtta eller at Stortinget er villeia, det er noko heilt nytt i norsk politikk. Det kan føre til nokre spesielle situasjonar framover der opposisjonen skal fremje mistillit mot statsrådar dei er usamde med, seier Djuvik.
Fylkesleiaren forstår valet
Også fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Frp, tykkjer det er leitt å miste Listhaug som ein del av regjeringa.
– Men no har ho teke dette valet, og eg forstår ho godt ut frå det mediekøyret som har vore og ut frå den håplause situasjonen som har oppstått. Her viser Listhaug seg som ein stor politikar som set partiet framfor eigne interesser.
– Frykta du at regjeringa måtte gå av i dag?
– Ja, vi var budde på det, om ikkje Sylvi tok det valet ho gjorde.
Meiner det er fornuftig
Fylkesleiar i Høgre, Vidar Grønnevik, meiner avgjerda til Listhaug om å trekke seg var einaste fornuftige løysinga slik denne saka har utvikla seg.
– Med den situasjonen vi har kome i, så trur eg dette var det mest fornuftige som kunne skje akkurat no, utan å diskutere om bakgrunnen er slik at det kvalifiserer for ei sånn handling, seier han.
Grønnevik seier at å kaste landet ut i ei regjeringskrise på grunn av denne saka, står fram for han som ganske uverkeleg.
– Her er det beklaga så mange gonger som det går an å beklage på den handlinga som er gjort, og som på ingen måte kan forsvarast. Det burde vere tilstrekkeleg for å komme vidare. Når det ikkje er det, tykkjer eg det er fornuftig at ho trekkjer seg, seier han.
Lie: Dette er ei klok avgjerd
Måndag var landsstyret til KrF samla i Oslo, og der kom det fram at heller ikkje dei hadde tillit til Listhaug. Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) seier i dag han er glad for at Norge har ein justisminister som har teke konsekvensen av det fleirtalet på Stortinget har sagt.
– Det er ei god løysing, der vi no får ein justisminister som eit fleirtal kan stille seg bak, seier han.
Også fylkesleiar i KrF, Beate Bondevik Lie, er nøgd med avgangen til justisministeren.
– Dette var ei klok avgjerd og eg er glad for det.
– Var dette den einaste løysinga på det som kunne bli ei regjeringskrise?
– Det var den beste løysinga, for no kan situasjonen roe seg og regjeringa jobbe vidare, seier Lie.