Kjentmann: Har aldri før sett skred på den staden i populært toppturområde

Politiet frykta at personar kunne vere tatt av to store snøskred som gjekk i det populære turområdet ved Berdalsegga i Gloppen. Kjentfolk har aldri sett det gå skred på den staden før.

Snøskred Berdalsegga

Skredet som gjekk i Berdalsegga

Foto: Svein Hjelmeset

– Eg har på mine 40 år i dette området aldri sett det gå skred på denne staden, seier Hallgeir Hansen til NRK.

Friluftsentusiasten var på tur i det same området for om lag ei veke sidan og tykkjer det er svært overraskande at det gjekk to skred der i dag.

– Dette var svært overraskande. Folk må vere varsame denne påska, men eg vil peike på at det finst veldig mange trygge turområde, seier Hansen.

Han har fleire hundre turar opp til Berdalsegga, både som privatperson og ikkje minst som tidlegare rektor for folkehøgskulen i Gloppen.

Hallgeir Hansen, rektor Firda Vidaregåande

KJENTMANN: Hallgeir Hansen er rektor på Firda vidaregåande skule på Sandane, og har gått mange gangar på Berdalsegga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politiet melde klokka 18 at aksjonen i området er avslutta.

– Redningshelikopter har vore over området. Det har gått to skred, men det er ikkje skispor inn i nokon av dei. Aksjonen vert avslutta, fortel politiet.

– No skjer det vi har frykta

– Det vi ser no er situasjonen som frykta før påska. Det er veldig ugunstige snøtilhøve. Vi fryktar at folk i fjellet ferdast av gamal vane. Men no må ein vere ekstremt forsiktig, seier Lars-Ove Eikje, som er skredobservatør for NVE si teneste varsom.no.

Eikje seier det er viktig å følgje med nøye.

– Slik det ser ut no vil rasfaren halde fram, det einaste som kan få slutt på det er eit solid mildvêr. Det er ikkje i sikte, seier Eikje.

Berdalsegga i Gloppen

SNØSKRED: Berdalsegga, der dette biletet vart tatt for to veker sidan, er eit populært turområde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kombinasjonen av svært mykje snø og nedbør og vind sist helg må vere med på å ta skulda for skredfaren no i påskeveka.

– Skredet har gått i løpet av ettermiddag og meldar har sette dette på avstand. Vi har ikkje opplysningar om at folk skal vere tatt av skredet, men det går skispor inn i rasområdet, sa Lars Geitle som er operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.

Politiet fekk melding om skredet like klokka 16.34. Skredet har gått i eit populært område for toppturar. Redningshelikopter var i området for å få eit overblikk, opplyste politiet.

– Vi sender og inn folk frå skredgruppa og redningshundar inn i området for å starte søk, sa Geitle.

Laster Twitter-innhold

Politiet veit førebels ikkje sikkert når skredet har gått, ut over at det truleg har gått i løpet av ettermiddagen.

– Helikopter som har vore over området kunne fortelje at skispora ikkje går inn i sjølve raset, men rundt, og då er vi sikre på folk ikkje er tatt av raset, seier Geitle.

Laster kart, vennligst vent...

SKISPOR: Skredet har gått på Berdalsegga som ligg mellom Hyen og Sandane i Gloppen.