NRK Meny
Normal

Frykt for store kyrkjekutt

Dersom Stortinget ikkje plussar på budsjettet til kyrkja blir konsekvensane store, særleg i Bjørgvin bispedøme, seier fylkesleiar Trude Brosvik i KrF.

Husøy kyrkje i Solund

MAGRARE TIDER: Det kan bli lengre mellom gudstenestene i 2017, mellom anna i Husøy kyrkje i Solund.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Kyrkja bad om 3,7 milliardar kroner, men regjeringa har berre sett av 2,2 milliardar kroner i framlegget til statsbudsjett. Blir det vedteke, må folk mellom anna innrette seg på at det ikkje er prestar å oppdrive den dagen dei vil ha ei gravferd, seier Brosvik.

– Det blir kutt i tenester, det blir færre gudstenester, det blir vanskelegare å få gravferd den dagen folk ynskjer gravferd. Det er særleg prestetenesta som kjem til å lide i første omgang, for det er den som er direkte råka. Kommunane har mykje av ansvaret for dei andre tenestene til den lokale kyrkja.

Trude Brosvik

– ALVORLEG: Fylkesleiar Trude Brsovik i KrF.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Viktig for folk

Brosvik arbeider som kyrkjeverje i Gulen og kjenner difor godt til den økonomiske situasjonen for prestetenesta. Ho håpar at stortingspolitikarane ser alvoret i situasjonen.

– Du tenker kanskje ikkje over det før du står i den situasjonen, men dette er viktig for folk. Eg trur kyrkja lett glepp gjennom fordi det er så mange andre viktige føremål som skular og vegar.

Trude Brosvik trur at Bjørgvin bispedøme blir spesielt hardt råka.

– Vi har eit etterslep, og vi har lange og tungvinte reiseavstandar. No er reisetida til prestane lagt inn i arbeidstida, arbeidstida deira har gått ned, og dei har fått auka løn fordi buplikta har falle vekk. Ikkje noko av dette er kompensert.

Bjørgvin bispedøme slit med økonomien også i inneverande år. I mars vart det kjent at bispedømet måtte spare inn 7,5 millionar kroner.

Trude Brosvik er redd for at situasjonen kan bli langt verre neste år.

– Dette kjem til å bli verre, dersom statsbudsjettet ikkje blir retta opp.