NRK Meny
Normal

Frykt for kidnapping hindrar tur

Måndag skulle Venke Aarethun frå Lærdal fått ein pris frå palestinske kvinner. Stor fare for kidnapping gjer at ho likevel må halde seg heime.

Venke Aarethun
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Prisen som skulle delast ut i Libanon har ho difor ikkje fått.

- Eg fekk melding frå ordføraren i Ramallah og samarbeidsorganisasjonen vår Raude Halvmåne om at reisa burde utsettjast. Grunngjevinga var at dei frykta kidnapping av utlendingar, seier Aarethun.

Pris frå palestinske kvinner

Det er fleire palestinske kvinneorganisasjonar som går saman om å gi Venke Aarethun prisen. Ho får den fordi ho gjennom mange år har gjort ein innsats for desse kvinneorganisasjonane. Aarethun har kjempa i lag med kvinnene, og vore eit andlet utad når kvinnene sjølv ikkje har kunna vera det.

Planen var at prisen skulle delast ut i Libanon måndag. Venke Aarethun skulle i samband med reisa også vitja palestinske organisasjonar i Israel. Men den urolege situasjonen på Vestbreidda og i Gaza gjorde at reisa måtte avbestillast og utdelinga av prisen måtte utsetjast.

Tek åtvaringane på alvor

- Eg har vore i Libanon under dei verste kidnappingsepisodane, og veit kva eg hadde gått til. Difor er det all grunn til å ta åtvaringane på alvor, seier Aarethun

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.