Det er allereie konstatert fem tilfelle av laksesjukdomen ILA i Nordfjord. ILA er ein laksesjukdom som fører til at fisken døyr.
Første gong var det oppdaga ILA ved Bremanger Fiskefarm sitt anlegg på Davik. Så to utbrot ved oppdrettsanlegga til Fjord Seafood og eitt på anlegget til Strømmen K Lakseoppdrett, alle i Bremanger. Siste påviste tilfelle av ILA-smitte i Nordjord - også i ein lokalitet til Fjord Seafood, denne gongen på Verpeide i Vågsøy.
Mange oppdrettsanlegg er i faresona, seier veterinærinspektør Trude Lien, fordi dei ligg nær andre lokalitetar som har blitt smitta.
Og oppdrettarane i Nordfjord er redde for den raske spreiinga, fordi det no er mistanke om enda eit oppdrettsanlegg i Nordfjord som kan vere råka av ILA-smitte.
Veterinærinstituttet i Oslo skal finne ut om det er smitte i fleire anlegg.