Det seier Kåre Rudningen som er seniorinspektør i Mattilsynet i Indre Sogn.
Svært smittsamt
Kverke er svært smittsamt, men går berre på dyr av hesteslekta. Ein reknar med omlag 20 utbrot i året på landsplan, men her i fylket har ikkje den smittsame luftvegssjukdommen vore påvist dei siste 20 åra, fortel Rudningen. Han understrekar at sjukdomen ikkje treng vere så alvorleg dersom den blir behandla med antibiotika på eit tidleg stadium.
Kartlegg smittekontaktar
Mattilsynet jobbar no med å kartlegge moglege smittekontaktar. Hesten frå Vik har truleg fått smitten under eit opphald i Bergen. Der er det påvist kverkesmitte hjå ein hest som har stått i same stall, seier Rudningen. Den viktigaste smittevegen er frå dyr til dyr, men smitten kan også følgje med personar og utstyr som til dømes transportvogner, og Mattilsynet oppmodar no hesteigarar om å vise aktsemd.