Hopp til innhold

KrF skal diskutere distriktskommisjon

Bønene frå frustrerte KrF-politikarar kan vere høyrde. Torsdag diskuterer sentralstyremøtet oppretting av ein distriktskommisjon for fylkeslag utanfor stortingsgruppa.

Krf leder Knut Arild Hareide før budsjettforhandlinger i Stortinget

LYTTAR: KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner det er ein god ide å opprette ein intern distriktskommisjon i KrF.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Framlegget kom frå fylkesleiar Trude Brosvik under Sogn og Fjordane KrF sitt fylkesårsmøte i helga.

Ho meiner ei distriktsgruppe må opprettast for at utkantrøystene i partiet skal bli høyrde og for å bremse sentraliseringa.

– Eg ser det er noko konstruktivt i det som Trude Brosvik her føreslår, seier partileiar Knut Arild Hareide.

Fekk applaus

Trude Brosvik i Balestrand

FRUSTRERT: Fylkesleiar Trude Brosvik føreslo å opprette ei eiga gruppe for fylkeslaga som ikkje er representert i KrF si stortingsgruppe.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ei rekkje reformer har sett fleire funksjonar i fylket under press. Lokalt politi, høgskulen, NAV, fiskeridirektoratet, Skatteetaten, fylkesmannskontor og 110-sentralen kan alle bli sentraliserte vekk frå Sogn og Fjordane.

– Det er eit problem for KrF si stortingsgruppe at dei ikkje har representantar frå typiske distriktsfylke som Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland eller frå Nord-Trøndelag og nordover, sa Brosvik og hausta applaus frå fylkesårsmøtet.

Har utfordringar

Applaus fekk også framlegget om å opprette ei distriktsgruppe av fylkesleiarane i fylka som ikkje er representert i KrF si stortingsgruppe.

– Det treng vi, sa Brosvik.

– KrF har ti stortingsrepresentantar frå ni fylke, og det betyr at det er ti fylke vi ikkje har representantar frå. Det skaper nokre utfordringar, svarer partileiar Hareide.

Innspel blir tema

Partileiaren vedgår at ein del reformer i det siste har ein sterk sentraliseringseffekt. Samstundes avviser han at stortingsgruppa har for dårleg distriktskompetanse.

– Men vi er opptekne av å få innspel og å forstå effektane for alle fylka, seier Hareide og seier ein distriktskommisjon blir tema under sentralstyremøtet torsdag.

– Så er det kontinuerleg dialog mellom partiorganisasjon, stortingsgruppa og fylkesleiarar våre på korleis vi kan samarbeide best mogleg, seier han.

Misnøye mot regjeringa

Frustrasjonen frå fleire frustrerte KrF-politikarar rettar seg også mot moderpartiet, som er støtteparti for Høgre-Frp-regjeringa som driv sentraliseringsreformene fram. Det inntrykket har ikkje Hareide.

Han seier at partiet mellom anna har sagt nei til å vere med på politireforma og påpeika at kommunereforma ikkje må bli noko sentraliseringsreform.

– Eg har opplevd betydeleg innspel mot sentralisering, men eg må seie at det i liten grad har vore retta mot KrF og dei prioriteringane vi har gjort, men meir mot regjeringa, seier Hareide.