Streng forvaltning
Direktoratet viser til at den nasjonale areal- og miljøvernpolitikken legg til grunn ei streng forvaltning av strandsona når det gjeld utbyggingar og inngrep. Vidare skriv dei at dei meiner ein veg utover øyrekka Rutletangane i seg sjølv vil bli opplevd som eit inngrep for dei som bruker området til friluftsliv, og vil gjere området mindre attraktivt.
Men dette er Brosvik ikkje samd i. Han meiner det tvert imot vil gjere området meir attraktivt.
Hindrar busetting
Det er sonen Frode Brosvik som ynskjer å overta eigedomen på Kyrkjøy, men då trengst det veg til den veglause staden. Det vil ikkje Direktoratet for naturforvaltning gå med på, noko som ifølgje Jan Brosvik effektivt hindrar at sonen buset seg på Kyrkjøy.
Miljøverndepartementet avgjer
Saka går no til miljøverndepartementet for endeleg avgjerdsle. Jan Brosvik er uansett frustert over kor vanskeleg det skal vere å føre eigedomen vidare til neste generasjon