Vil gjerne heim til eliteserien

Alexander Ødegaard er frustrert over tilhøva i franske Metz og ønskjer seg heim til norsk fotball. Sogndal er eit alternativ, stadfestar førdianaren.

Alexander Ødegaard

STOR SUKSESS: Alexander Ødegaard har hatt mange gode år i eliteserien. Her frå ein av mange kampar for Viking. No vil han heim til Noreg frå franske Metz.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Alexander Ødegaard (31) er under kontrakt med den franske klubben Metz, som rykka ned til nivå tre i fransk fotball sist sesong. Fleire sentrale spelarar har reist frå klubben og økonomien er vanskeleg.

Vil ha ei avklaring

– Eg har følt det frustrerande dei siste tre-fire månadane. Situasjonen i klubben er vanskeleg, men eg ønskjer ei avklaring her før eg seier noko om kvar eg eventuelt kan hamne i norsk fotball, seier Ødegaard til NRK onsdag kveld.

– Men vil ikkje Sogndal vere eit bra alternativ for deg om de vel å flytte heim til Noreg?

– Jo, det vil det heilt klart vere. Vi ønskjer å bu i Sunnfjord og vegen til Sogndal er jo ikkje lang, seier spelaren som vart ein verkeleg publikumshit dei åra han spelte for sogneklubben.

Sentral i eliteserien

Ødegaard spelte for Sogndal frå 1999 til 2004, fekk 125 kampar og skåra 45 mål. Han vart laget sin toppskårar med 15 mål i 2004-sesongen då han også fekk Kniksenprisen og spelte seg inn på landslaget.

Deretter gjekk han til Rosenborg og Viking, før han til slutt hamna i den franske klubben Metz i januar 2011.

Skal trene med Sogndal

I Metz har det vorte lite speletid på Ødegaard. No er han ønska velkomen til Sogndal for å diskutere ei mogleg framtid der.

– Alexander er i Frankrike for å sluttforhandle fristillinga si. Vi har hatt dialog med han dei siste dagane, så når han kjem tilbake att er intensjonen at han skal kome inn til oss og trene litt med oss, sa assistenttrenar Håvard Flo til NRK tidlegare i dag.

Alexander Ødegaard har i utgangspunktet eitt år att av kontrakten sin med Metz.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.