NRK Meny
Normal

Frustrert over kvoteframlegg

Fiskarar på Vestlandet er frustrerte fordi eit regjeringsutval går inn for å ta frå dei retten til å eige kvotar til evig tid.

Måløy hamn (arkivfoto)
Foto: NRK

- Fleirtalet i utvalet er romantikarar og forstår ikkje realitetane, rasar leiar i Sogn og Fiskarlag, Nils Myklebust.

 

Får berre eige kvotar i 15 år

 

Nils Myklebust
Foto: NRK

På kaia i Florø blar Myklebust i rapporten frå utvalet som fiskeriminister Helga Pedersen sette ned. Offisielt skal rapporten leggast fram i morgon, men eit utdrag NRK har fått tak i viser at utvalet går inn for at fiskarar ikkje lenger skal ha tidsuavgrensa kvotar, men i staden eige kvotane i 15 år.

- Det er ein del folk som har lyst å meine noko om korleis dette skal vere som ikkje treng ta konsekvensen av meiningane sine, seier Nils Myklebust. 

Krav frå fiskarar i nord

Mange langs kysten i nord har ropt på tiltak som skal hindre at få store selskap eig stadig meir av fisken i havet. Motivasjonen bak dette forslaget er nettopp å ta tilbake fisken som ein felles eigd ressurs.

- Det er mange som seier at det er våre felles ressursar. Kvar er desse den dagen det er vanskeleg, den dagen det er storm og det ikkje er råd å få dette til på nokon måte.

- Verre å få lån

Årsaka til at fiskarane på Vestlandet er kritiske til dette er at det blir langt verre for dei å gå i banken for å få lån når dei ikkje veit om dei får drive i meir enn ein viss periode. Dette meiner Myklebust går ut over rekrutteringa av unge fiskarar

- Dette skremmer vekk dei som kunne ha tenkt seg ei framtid som fiskar, og dei som skal vere med og finansiere aukar sine krav til eigenkapital og gjer det vanskelegare for ungdommen. 

 Fiskeriministeren ynskjer ikkje å uttale seg før offentleggjeringa laurdag. Ho skal ta stilling til framlegget utover hausten.

- Eg trur Helga Pedersen får ein heit haust, seier leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå