Hopp til innhold

Frustrasjon over byggestogg

– Ei ytterlegare forsinking av kraftlinja mellom Fardal og Ørskog vil vere kroken på døra for vindkraft-prosjekta våre, seier direktør Stig Svalheim i Vestavind Kraft.

Kraftline

HÅPAR PÅ FORTGANG: Vindkraftbransjen er avhengige av at kraftlinja mellom Fardal og Ørskog blir ferdig.

Foto: Espen Gjelsten / NRK

Vindmølle-prosjekta til selskapet er avhengige av å kunne kople seg på sentralnettet, og stopp i bygging av kraftlinja gjer investorane skeptiske.

– Det er ganske frustrerande for oss no, for vi ser at det er der dei raude flagga for investorar kjem også. Det er i prinsippet stopp i den utbygginga, seier Svalheim.

Får ikkje levert straum

Vestavind kraft har fått konsesjon til å bygge vindmøller på Okla og Hennøy. Men utan 420-kilovolts kraftlinja har dei ingen plass å gjere av straumen. Bygginga av kraftlinja er stoppa, og dermed står også investeringslysta i stampe.

Stig Svalheim

FRYKTAR FORSEINKINGAR: Stig Svalheim er direktør i Vestavind Kraft.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dersom rettsprosessane går vidare kan det gå fleire år før kraftlina blir ferdig. Akkurat det er noko som gjer at investorane kanskje byrjar å sjå seg om etter andre prosjekt, seier Svalheim.

I rettssystemet

Det er grunneigarar i Ålfoten har gått til sak for å få stoppa Statnett si kraftlinjebygging. Striden er enno i rettssystemet. Samstundes må Vestavind Kraft forhalde seg til det såkalla sertifikatmarknaden, der fristen for å byggje vindmøllene er sett til 2021. Svalheim har difor avgrensa tid.

– Vi kryssar fingrane og håpar at domen i tingretten for Statnett sin konsesjon blir avklara ganske snart og at det ikkje blir ei årelang uthaling. Det ville sannsynlegvis betyr kroken på døra som vi har her.

Lønsame prosjekt

Både Vestavind Kraft og selskapet Zephyr jaktar no på utanlandske investorar for å få i gang prosjekta i fylket. Kostnadskutt på vindturbinar, kombinert med betre rammevilkår, gjer at selskapa trur på lønsemd, trass særs låge straumprisar. Sjølv om det er gjeve konsesjon til 10 ulike vindkraftprosjekt i fylket, er det berre på Mehuken dei er komne i gang.

– Vi har i sommar sett opp tre ny turbinar som erstatning for dei fem gamle på Mehuken, seier direktør Olav Rommetveit i Zephyr, selskapet som eig Mehuken.

Nils R. Sandal (t.h.) og Olav Rommetveit

Direktør Olav Rommetveit i Zephyr, og dåverande fylkesordførar Nils R Sandal under ei vitjing på Mehuken i oktober 2010.

Foto: Østfold Energi

I tillegg har Zephyr fått ja frå NVE til å bygge vindmøller på Guleslettene, Dalsbotnfjellet, og i Vågsvåg, men siste avgjerd ligg hos Olje og energidepartementet.

– Det er ikkje lett å ta ei avgjerd om investering i slike prosjekt i dag, men vi jobbar med prosjekt andre stader i landet der det er mogleg å finne modellar som fungerer. Vi har framleis trua på at det skal vere mogleg, seier Rommetveit.