Frostfrykt hos fruktbøndene – no kjem siste kritiske natt

SANDANE (NRK): Uventa kulde, snø og sludd har prega Vestlandet den siste veka, og for fruktbøndene kan dette få store konsekvensar i den tidlege bløminga.

Daniel Dyrnes og Rune Vereide

TIDLEG BLØMING: Fruktbonde Daniel Dyrnes og Rune Vereide i Norsk Landbruksrådgjeving ser på epletrea til Dyrnes på Sandane.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

I natt kjem truleg den siste kritiske kalde natta, men Daniel Dyrnes i Gloppen såg positive teikn på trea sine i føremiddag.

– Plommene er berga, for der var det høg temperatur i bløminga. Men eg er bekymra for korleis det går med epla. Ein del av dei er i full blom no, seier Dyrnes.

Temperatur i grenseland

Vêret slo om idet vi gjekk inn i mai månad – akkurat då epletrea var kome i open blom.

– Det er mest kritisk for epla. Kulda kan vere avgjerande, og det er i grenseland no når bløminga er i gong og vi har hatt rundt null gradar om natta, seier Rune Vereide i Norsk Landbruksrådgjeving.

Og dersom temperaturen blir meir enn ein minusgrad, då byrjar det å spøke for epla til Daniel Dyrnes.

– Då vil det gjere skade, og viss det blir 3–4 kuldegradar er skaden total, seier han.

Frukttre i Gloppen

I OPEN BLOM: Det er tidleg vår og tidleg bløming for fruktbøndene.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Tidleg vår gir frostfare

Om nokre veker får Dyrnes svar på korleis epletrea klarte seg desse kalde nettene. Kanskje er det bitte små eple som kjem.

– Ein veit aldri heilt korleis det vil klaffe, det er eit sjansespel. Men det er veldig mykje blomar i år, så det lovar godt.

Men med mildare klima og tidlegare vår, er faren for frost større enn den har vore tidlegare.

– Vanlegvis vil ikkje epleblomen vere på dette nivået før om tre veker, og då er faren for frost mindre. Eg har aldri hatt frostproblem før, seier Dyrnes.

Landbruksrådgjevaren stadfestar det.

– Det er eit tviegga sverd, det å få utvida vekstsesongen. Veldig tidleg bløming gir fare for frostnetter som kan skade under bløming, seier Vereide.

Frukttre i Gloppen

FROSTSKADAR: Slik ser nokre av epletrea til Daniel Dyrnes på Sandane ut.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Slik bergar du blomane

Så for å berge seg gjennom frosten, meiner Vereide at ein lyt plante som det passar seg.

– Det er klart at morellar og plommer blømer tidlegast og difor er dei mest utsette. Mange eplesortar blømer seinare, då er sjansen større for at det skal gå bra.

– Men eit godt, gammalt triks er frostvatning – å kontinuerleg vatne blomane gjennom frostnatta. Då kan ein klare å halde temperaturen på null,

Og for dei som har nokre få og ikkje for store frukttre i hagen, har Vereide eit par tips til:

– Det vil hjelpe å ha le, og ein kan vurdere å dekke trea til med fiberduk. Men hundre prosent sikker kan ein ikkje vere likevel.

Epletre i Fresvik

FROSTVATNING: Eit eplefelt i Fresvik i Sogn vart vatna ei kald natt. Vatnet som frys på blomane gir energi som hevar temperaturen nok til at frosten ikkje gjer så stor skade.

Foto: Marianne Bøthun / Norsk Landbruksrådgjeving