I dag gjekk startskotet for eit stort internkommunalt samarbeid med fokus på helsa til dei tilsette. Margareth Leivdal i Selje kommune seier at målet er ein sunnare og betre arbeidskvardag.
- Vi veit at dei tilsette har ein belastande arbeidssituasjon, og vi ønskjer å vere med på å bygge opp om helse- og miljøtiltak på arbeidsplassane, seier ho.
Sunnare kvardag
For ein sunnare kvardag ventar dei tilsette i ved sjukeheimane i Nordfjord. Kommunane Selje, Vågsøy, Stryn, Eid, Gloppen, Bremanger og Hornindal presenterte i dag eit felles prosjekt for å betre arbeidsmiljøet for sjukeheimstilsette. Og sjølvsagt var det frukt og vatn som stod på borda under dagens pressekonferanse på Eid sjukeheim.
- Målet er at gratis frukt og grønt, trening og fokus på kosthald skal få ned sjukefråværet, seier Margareth Leivdal som er personalrådgjevar i Selje kommune.
10 sjukeheimar
Med på prosjektet er også Arbeidslivssenteret i Sogn og Fjordane og Kommunal Landspensjonskasse, KLP, som bidreg med 260.000 kroner i prosjektet.
- Vi bruker sjukeheimar som eit pilotprosjekt for å teste ut om dette har ein effekt, seier Wibeke Os Brattlid som er rådgjevar i KLP forsikring.
Og totalt er det tilsette på 10 sjukeheimar i Nordfjord som no vil få trim og frukteting som ein del av arbeidstida.