Hopp til innhold

Frukt- og bærprosjekt til 9 mill.

22 aktørar, blant dei Lerum og Farmhouse i Stryn, skal dei neste fire åra utvikle og styrke frukt- og bærnæringa i fylket. Prosjektet har fått 9 millionar kroner i støtte.

Utnemnd som Arenaprogram

FEKK BEVISET: Ivar Petter Grøtte, Stein Harald Hjeltnes og Jan Petter Vadheim (Lerum) med provet på at frukt- og bærklyngja er blitt ein realitet.

Foto: Innovasjon Norge

Frukt- og bærnæringa i fylket har vore i god utvikling gjennom fleire år. No skal det satsast på å vidareutvikle næringa gjennom å etablere ei såkalla frukt- og bærklyngje i Sogn og Fjordane.

Målet er å auke innteninga og omdømme i frukt- og bærbransjen.

Vann fram i sterk konkurranse frå heile landet

Klyngja vart tysdag formelt teken opp i Arenaprogrammet til Innovasjon Norge, etter at Stein Harald Hjeltnes frå Njøs næringsutvikling på Leikanger og Merete Lunde frå Lerum, hadde lagt fram søknaden for programrådet for Arenaprogrammet den 15.juni i konkurranse med andre miljø rundt om i landet.

Njøs næringsutvikling skal leie prosjekt som skal gå frå hausten 2010 til hausten 2013, og har ei total kostnadsramme på 9 millionar kroner, der Innovasjon Norge finansierer 50 prosent.

Sentralt i prosjektet er utvikling av konkurransefortrinn, innovasjonsevne og omdømebygging.

Mood-selskap skal vere kreativ

Farmhouse i Stryn, som er dotterselskap av Moods of Norway, skal bidra til å få inn kreativitet i prosjektet, medan Lerum og Lærdal grønt får sentrale roller innan produktutvikling og eksport.

Bedriftene skal få møteplassar for utveksling av idéar og røynsler, og det skal stimulerast til auka produksjon av høg kvalitet tilpassa bruksområde. Det skal også arbeidast med å utvikle eit konsept som gjer råvarer og produkt frå Sogn og Fjordane meir etterspurde.

Først innan landbruk - først i fylket

Arenaprosjektet i frukt og bær er det fyrste som vert teke opp i Arenaprogrammet innan landbruk, og det fyrste som er etablert med base i Sogn og Fjordane. Prosjektet er finansiert av Innovasjon Norge i samarbeid med Norges forskningsråd og SIVA.