Hopp til innhold

Frp vil utsetje Olden - Innvik

Framstegspartiet føreslo i fylkestinget onsdag å utsetje investeringa på 150 millionar kroner til Olden–Innvik.

Frank Willy Djuvik (Frp)

Frank Willy Djuvik og FRP vil utsetje å investere i Olden-Innvik til trasévalet for E39 er teke.

Foto: Vegar Erstad/NRK

I budsjett og økonomiplanen til fylkes­kommunen er det lagt inn 150 millionar for å ha kontinuerleg framdrift på denne vegstrekka.

Men uvissa om E39-linevalet har fått Olden–Innvik-forkjempar Frank Willy Djuvik til å ta tenkjepause.

– Bør spare pengane

– Eg meiner det vert feil av fylkestinget å løyve 150 millionar til ein veg staten kanskje eig om to år, sa han frå talarstolen.

Djuvik meiner pengane bør sparast til fylkesvegane i tilfelle E39 skal gå over Olden-Innvik.

– Om indre alternativ vert valt, overtek vi andre vegstrekningar som treng vedlikehald og opprusting, då kjem 150 millionar godt med, seier han.

Får truleg ikkje støtte

Djuvik oppmoda om å vente med investeringa til Stortinget har avgjort linevalet for E39.

– Eg vil ikkje flytte pengane no, men vi bør ikkje delfinansiere statleg veg når vi sjølv har bruk for pengane, seier han.

Djuvik og Framstegspartiet får truleg ikkje støtte frå dei andre partia når budsjettet vert vedteke i løpet av dagen.