Hopp til innhold

Frp vil satse på mineral

FrP vil satse på mineralindustrien. – Eg har hakke og spade klar, seier FpU-formann i Sogn og Fjordane, Marius Reiakvam.

Marius Reiakvam

kLAR FOR GRUVEDRIFT: Marius Reiakvam, leiar for Fpu Sogn og Fjordane

Foto: Pressefoto

Landsmøtet i Framstegspartiet vedtok i helga å få kartlagt og utnytta mineralførekomstar som kan skape arbeidsplassar og vekst i Norge.

Ein av dei som ivra mest for vedtaket var FpU-formann i Sogn og Fjordane, og naustedøl, Marius Reiakvam.

– Eg har hakke og spade klar. Vi har mange fjell i landet vårt. Mange av desse har store verdiar som er klare for å bli hausta. Eg meiner det er påtide å
hive seg rundt og komme i gang.

Framtidsretta

Reiakvam brukte Nordic Mining sitt gruveprosjekt på Engebø som eksempel på ei viktig, bærekraftig, framtidsretta og miljøvennlig næring.

Han framheva dei store samfunnsøkonomiske gevinstane av prosjektet og av mineralnæringa generelt, og fekk eit samrøystes Landsmøte med på vedtaket. Samstundes kom han med han kraftig kritikk av miljøvernminister, Bård Vegard Solhjell, som han hevda at stakk kjeppar i hjula for utviklinga i heimkommunen hans.