NRK Meny
Normal

Frp vil legge ned flyplassar

Framstegspartiet vil leggje ned flyplassane i Gaular og Gloppen.

Frank Willy Djuvik

Nyvald leiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, tok på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Frp til orde for å sjå på dagens flyplasstruktur i fylket.

Foto: FrP

Nyvald fylkesleiar Frank Willy Djuvik meiner to store flyplassar med større fly og fleire avgangar vil gje det beste tilbodet. Då er Florø og Sogndal flyplassane for framtida, meiner han.

- Slik eg ser det, vil det vere den beste løysinga. At ein prøver å utvikle desse flyplassane slik at ein får flytilbod både nordover og sørover, seier han.

- Må satse

Sandane lufthamn Anda

VIL FJERNE: Sogn og Fjordane Frp vil fjerne Sandane lufthamn Anda.

Foto: unknown, Cosmin Cosma / NRK

Djuvik viser til at reisetida mellom Florø og Førde er så kort, at ein vil greie seg med ein flyplass i Sunnfjord. Og Sandane lufthamn Anda peikar seg negativt ut i høve til å kunne utvikle seg vidare, meiner han.

- Eg ynskjer å ha eit størst mogeleg flytilbod til innbyggjarane. Det ser eg at vi ikkje klarer med fire kortbaneflyplassar i Sogn og Fjordane. Då må vi vere villige til å satse meir midlar på enkeltflyplassar, og då seier det seg sjølv at vi må ta midlane frå nokon av dei andre, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Førde Frp positive

Leiar i Førde Framstegsparti, Dag Kristian Torvanger, stiller seg fullt og heilt bak Djuvik sitt utspel.

Førde Lufthamn Bringeland

VIL FJERNE: Sogn og Fjordane Frp vil fjerne Førde Lufthamn Bringeland i Gaular.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Om innbyggjarane i Førde kommune kan få eit betre flytilbod ved å reise til Florø, så er eg ikkje negativ til det, seier han. Framlegget fell derimot ikkje i god jord hos ordførar i Førde, Nils Gjerland (Sp).

Han viser til at Førde lufthamn Bringeland har hatt betydeleg trafikkvekst og seier at flyplassen i Gauler er mellom dei mest trafikkerte småflyplassane i landet.

- Det må vere skivebom å kome med noko slikt. Dei får leve i si forvirring. Eg kan ikkje hjelpe dei med det, seier han.