Hopp til innhold

Frp vil be folk flytte i staden for å rassikre vegen inn småbygdene

Behovet for rassikring er enormt langs norske vegar, men det er lite pengar. Frp vil heller at folk flyttar frå bygdene, enn at det skal brukast millionar på bygdevegane.

Video Vil kjøpe folk ut av småbygdene

RAS: Framstegspartiet vil gå drastisk til verks for å sleppe å rassikre vegar i distrikta. No vil partiet betale folk for å flytte vekk frå rasfarlege område.

Berre på Vestlandet vil det koste opp mot 30 milliardar å rassikre vegane. For neste år løyver politikarane ein milliard, og det vil truleg gå fleire tiår før det blir gjort noko mange stader.

Korleis skal ein då bruke dei pengane ein har? I Sogn og Fjordane rår Vegvesenet politikarane til å rassikre fleire små bygder først, det er nemleg desse vegane som er mest rasfarlege. Frp vil heller at folk skal få pengar for å flytte frå bygdene.

Kva meiner du? Er det riktig å bruke millionar på å rassikre vegane inn til små bygder? Sei di meining nedst i saka.

Enormt behov – for lite pengar

I snitt går det opptil fleire ras kvar einaste dag langs norske vegar. Statens vegvesen har vurdert rasfaren langs riks- og fylkesvegane og la nyleg fram ferske rapportar som syner eit enormt behov for rassikring. Berre på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Norge er behovet minst 40 milliardar.

Med ei løyving på ein milliard i året ligg det langt fram i tid at alle dei farlege plassane blir trygge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras stengjer vegen til Navelsaker

STENGD: Den 16. mars i år stengde eit to meter høgt og fire meter breitt ras vegen til Navelsaker.

Foto: Marianne Navelsaker

Har vore innesperra i 40 dagar

Vegvesenet har laga lister over dei vegane dei meiner bør bli rassikra først. Dei har mellom anna sett på kor ofte det går ras, kor store rasa er og kor vidt det er mogleg for folk å køyre ein annan veg når vegen er sperra.

I Sogn og Fjordane er det vegen inn til den vesle bygda Navelsaker i Eid som kjem heilt øvst på Vegvesenet si prioriteringsliste. Kvar vinter opplever dei 14 innbyggjarane at vegen er stengd. Margrethe Navelsaker held nøye rekneskap med kor ofte bygdefolket blir innesperra.

– Det begynte på nyttårsaftan og fortsette ut i veka etter, seier Navelsaker og peikar på kalenderen.

– Det har skjedd at vegen har vore stengd i 40 dagar, med berre nokre dagar opning inni mellom.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vil ha pengar til rassikring

KREV PENGAR: Nasjonal rassikringsgruppe vil at alle vegar skal vere rassikra innan 2030. Sjå TV-saka frå 8. februar 2011.

Vil byggje tunnel til 100 millionar

For dei som bur på Navelsaker har ras og rasfare blitt ein del av kvardagen. Men no kan det sjå ut til at dei kan sjå lyset i tunnelen. Vegvesenet rår til at Navelsakerstranda blir rassikra med tunnel, noko som vil koste 100 millionar.

Også den vesle bygda Otterdal i Hornindal, Menes i Balestrand og Flo i Stryn er høgt prioriterte av Vegvesenet. I alle tilfella er det snakk om kostbar rassikring av vegar som går inn til små bygder.

Men det er politikarane som har det siste ordet. Dei kan velje å følgje prioriteringa til Vegvesenet, men kan også gjere det motsette.

Vil heller flytte folk vekk frå bygda

Nettopp det kan kome til å skje. Framstegspartiet meiner nemleg det er feil å bruke så mykje pengar på å rassikre vegane inn til bygder der det så vidt bur folk.

– I mange tilfelle er det snakk om å rassikre vegar der det kanskje bur ein ti-femten menneske. Då bør ein kanskje vurdere om det er betre å gje ein kompensasjon til desse for å flytte frå bygda, seier leiar Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp.

– Ein bør gje innbyggjarane valet om å flytte, slik at ein kan nytte vegmidlane på ein betre måte, seier Djuvik.

Skaka over forslaget

Det utspelet frå Margreta Navelsaker og dei andre i bygda til å steile.

– Dette synst eg ikkje noko om. Sentralisering har vi nok av, om ikkje politikarane aktivt skal gå inn å be folk om å flytte til meir sentrale og problemfrie strok, seier Navelsaker.

Djuvik presiserer at dei ikkje meiner folk skal bli tvangsflytta frå bygdene, men at det skal vere eit tilbod om flytting på frivillig basis.

– Dersom ein ikkje ønskjer å nytte seg av tilbodet, så må ein også bu seg på å vente i 50 år før det skjer noko med vegen, seier Djuvik.

Kan måtte vente lenge

For dersom ikkje politikarane løyver langt meir pengar til rassikring vil det gå lang tid. Neste år skal regjeringa bruke litt over 500 millionar til rassikring av fylkesvegar over heile landet. Dette er ikkje nok til veldig mange vegar, rassikring er nemleg veldig dyrt.

For å ta eit enkelt eksempel. I Sogn og Fjordane meiner Vegvesenet at tre av dei fem høgst prioriterte vegstrekningane må rassikrast med tunnel. Samla vil det koste 500 millionar kroner. Liknande eksempel finn ein i mange fylke, og kor mange år det vil gå før vegane faktisk blir sikra er det ingen som veit.

David Vagstad er ein av mange som har fått oppleve rasfarlege vegar på litt for nært hald. Han vart nesten drepen då eit ras feia bilen hans på fjorden. Han meiner politikarane må opne auga.

– Eg har alltid meint at det blir brukt for lite pengar på veg i dette landet. For min del var det nær ved å koste meg livet, seier Vagstad.

Håpar politikarane tek til fornuft

I Navelsaker håpar dei at politikarane vel å følgje Vegvesenet si prioritering. Dei meiner det blir meiningslaust at bygder i praksis skal bli nedlagde, fordi politikarane ikkje vil bruke pengar.

– Viss ein skal begynne med ein politikk der ein kjøper ut dei vanskelege plassane, så er det ikkje lenger slik at folk kan bu der dei vil. Og det trudde eg at vi hadde lov til i Norge.

Kva meiner du? Er det riktig å bruke millionar på å rassikre vegane inn til små bygder? Ta debatten under.