– Men det er først når vi får definert kva eit lokalsjukehus er, at vi kan ta stilling til kor mange lokalsjukehus vi skal ha.
Frå talarstolen under Framstegspartiet sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane gjorde nestleiar og helsepolitisk talsperson Per Arne Olsen det klart at også dei vil ha endringar i sjukehustrukturen kringom i landet.
LES OGSÅ:
Vil ha effektivt sjukehustilbod
– Vi er ikkje mostandarar av å sjå på sjukehusstrukturen og få til eit meir effektivt sjukehustilbod, sa Olsen frå talarstolen.
Helseministeren vurderer å fjerne akutt- og fødetilbod ved fleire lokalsjukehus kring om i landet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det har ført til bråk i regjeringa, der Senterpartiet og Arbeiderpartiet er usamde om kva som eigentleg ligg i setninga om at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.
Frp seier regjeringa må definere kva som skal vere innhaldet i eitt lokalsjukehus og at enkelte sjukehus kan bli såkalla lokalmedisinske senter.
– Det må vere både akuttfunksjonar og fødeavdeling på eit lokalsjukehus, visst ikkje kan det ikkje heite lokalsjukehus, sa Olsen.
Djuvik er ikkje skuffa
I Sogn og Fjordane vurderer regjeringa å legge ned føde og akuttfunksjonar ved Nordfjord og Lærdal sjukehus.
Faklane er for lengst tende, og Frp har stått i fremste rekke i å kritisere dei raudgrøne. Men fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frank Willy Djuvik hevdar at han ikkje er skuffa over partiet sentralt.
– Eg trur ikkje han spesifikt meiner Sogn og Fjordane når han seier det han seier. Men sjølvsagt skal også vi vere villige til å vurdere kva helsetilbod vi skal i framtida. Det må alltid vere ei vurdering, seier Djuvik.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: