NRK Meny
Normal

Fylkesstyret skulda for å svikte lokallaga

JØLSTER (NRK.no): Framstegspartiet sitt avtroppande fylkesstyret fekk krass kritikk frå fylkesårsmøtet. – Eg trur nok det er veldig mykje sant i det, vedgjekk Frank Willy Djuvik.

Fylkesårsmøte i Frp 2015

KRITISERTE: Fleire kritiske røyster tok til ordet under helgas fylkesårsmøte i Framstegspartiet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Ernst Veum frå Luster var ein av fleire som under fylkesårsmøtet i helga kritiserte fylkesstyret for å ha svikta organisasjonsarbeidet og lokallaga.

Han var sjølv medlem av fylkesstyret siste perioden.

– Kona mi, som er styremedlem i sogelaget, har hatt ein mykje meir krevjande jobb enn eg har hatt som styrerepresentant i Sogn og Fjordane Frp. Eg meiner det betyr at vi har gjort ein slett jobb, sa han.

Takka nei til attval

Rita Navarsete

STØTTA: Rita Navarsete frå Sogndal var ikkje like kritisk til fylkesstyret. – Eg er ikkje samd med at engasjementet i alle lokallag har vore nede. I Sogndal har det vore på topp, sa ho frå talarstolen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Kritikken frå Veum gjekk på heile styret, inkludert seg sjølv. Difor nekta han å ta imot noko attval. Han peika spesielt på leiar og nestleiar.

Medan avtroppande fylkesleiar Frank Willy Djuvik har hatt eit krevjande år, har styremedlemen frå Luster hatt lite å gjere på.

– Det har vore null kontakt mellom lokallaga sine leiarar og gruppeleiarar. Ifølgje verksemdsplanen vår, skal det vere kontakt ein gong i månaden. Eg håpar inderleg at det nye styret klarer å gjere noko med det, sa han.

Lars Svein Drabløs og Frank Willy Djuvik

LEIARSKIFTE: Lars Svein Drabløs tek over som fylkesleiar i Frp etter Frank Willy Djuvik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Treng dialog, ikkje monolog

Kjell Magne Kvalheim var ein annan kritikar. Han vart føreslått av valnemnda som ny organisatorisk nestleiar. Han trekte sitt kandidatur.

– For det nye styret no, så er det viktig å få dialog. Ikkje berre monolog, sa han.

Marita Aarvik frå Selje var lansert både som motkandidat til leiarvervet og til Djuvik på førsteplassen på fylkestingslista.

Ny kvardag

Marita Aarvik

MOTKANDIDAT: Marita Aarvik frå Selje tapte knepet då fylkesårsmøtet røysta på både leiarvervet og topplasseringa på fylkestingvallista.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Aarvik var klar på at det var på grunn av misnøye med manglande oppfølging mot lokallaga frå Djuvik og styret. Ho etterlyste ein levande organisasjon.

– I fleire år har det vore dødskjedeleg i lokallaga. For dei har ikkje hatt engasjement, sa ho.

Avtroppande fylkesleiar Djuvik vedgjekk at kritikken var rettkomen. Sjølv takka han av som fylkesleiar på grunn av meirarbeid etter at partiet kom i regjering.

– Då er det heilt på sin plass at vi byter ut representantane som mykje med politikk, med personar som kan konsentrere seg om organisasjonen. Det føler eg ein har gjort no, sa han.

– Lykke til

Ny fylkesleiar er 67 år gamle Lars Svein Drabløs med 25 års fartstid i partiet.

Aarvik håpar det nye styret får samla partikreftene, medan verken Kvalheim og Veum vil kommentere tilliten til det nye styret.

– Det er ikkje eit must å ha vore med i snart 100 år. Det har snart eg også. Ein må sleppe nye folk til, og folk som kan byggje ny tillit. Eg ynskjer det nye styret lykke til, sa Veum.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser