Hopp til innhold

Frp sitt kuttframlegg vart vraka

Planutvalet i Sogn og Fjordane vil ikkje gå vidare med Frp sitt framlegg til ny struktur for den vidaregåande skulen i fylket. I staden vil dei greie ut fire modellar.

Planutvalet drøftar vegen vidare for den vidaregåande skulen i fylket.

DRØFTAR: Planutvalet er i dag samla for å starte arbeidet med å stake ut vegen for den vidaregåande skulen i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frp sitt framlegg vart i dag nedstemt av alle dei andre partia, då planutvalet staka vegen vidare for skulane.

Frp føreslo å leggje ned Firda, Dale og Luster vidaregåande skule. Dei ville også leggje ned Mo og Jølster si avdeling på Vassenden.

– Eg føler, og opplevde at også fleirtalet av planutvalet opplevde, at vi ved å gå inn for Frp sin modell fire, så forskotterte vi noko som skal komme seinare, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Går for fire modellar

I samband med at elevtalet går kraftig ned dei kommande åra, får fylkeskommunen mindre pengar til den vidaregåande skulen. Dei veit dei må gjere grep, og starta i dag arbeidet med å finne ut kva grep dei skal gjere.

Konsulentverksemda Norconsult har føreslått tre ulike modellar, der mellom tre og sju skular er føreslått nedlagde. Frp svara med å leggje fram sin eigen modell.

– Vår modell hadde ført til ei breiare utgreiing som også ville sett på andre faktorar som ein no ikkje får sett på. Som til dømes korleis sikre rekruttering til yrkesfagutdanninga, korleis sikre forutsigbarheit for deira utdanningsløp, seier fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Modell 0

Framlegget vart røysta ned, og planutvalet vedtok i staden å konsekvensutgreie fire modellar for den framtidige organiseringa. I tillegg til Norconsult sine tre føreslegne modellar, har dei også lagt til konsulentverksemda sin modell 0.

Dette framlegget skisserer korleis skule- og tilbodsstrukturen vil sjå ut i 2016/17 og 2024/25 utan endringar i organiseringa.

Mest mogleg på bordet

Planutvalet ber om utgreiing med tanke på økonomiske følgjer, personalmessige følgjer, følgjer for fagmiljø, læringsmiljø, yrkesretta utdanning og kvaliteten på opplæringa, samt følgjer for brukarane.

– Eg meiner det er viktig å få mest mogleg på bordet. Vi er i ein fase der vi skal greie ut breitt for å ha eit best mogleg grunnlag når vi skal gjere våre val seinare. Dersom vi unnlet å greie ut ting fordi vi tykkjer det er ubehageleg, så kan vi komme i ein situasjon seinare der vi ikkje får det fullstendige bilete, seier Kjelsnes.

Grundig utgreiing

Dei har også bede om vurderingar i høve til utdanningssentra, samarbeid med primærkommunane, nettundervisning, påverknad på lokalsamfunna og arbeidslivet, og IB-tilbod i samarbeid med UWC. Dei vil også konsekvensutgreie handlingsrom for nye tilbod, jfr. mellom anna behov i næringslivet.

I tillegg skal det greiast ut følgjer av å ha helse og oppvekst, studiespesialisering, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant og matfag, design og handverk på fleire stadar.

Fylkesrådmannen vil bruke tida fram til 27. februar 2013 til å greie ut konsekvensane av dei ulike modellane. Deretter legg fylkesutvalet opp til ein høyringsrunde, som skal avsluttast i slutten av april. Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni neste år.