Hopp til innhold

FrP-politikar vann i lagmannsretten

Framstegspartiet sin vararepresentant til Stortinget, Thorbjørn Lie, vann ankesaka i Gulating lagmannsrett etter at han mista sertifikatet for å ha køyrt for fort.

I Sogn Tingrett vart han frådømd førarkortet i 10 månadar.

Lie vart teken i ein fartskontroll i Hallingdal, der han køyrde i 97 km/t i 60-sona. Lie godtok straffa på 15 dagar fengsel på vilkår, men anka inndraginga av førarkortet av helsegrunnar, og fordi han er avhengig av bil til politiske møte.

Og Lie vart delvis høyrde av lagmannsetten, som faktisk meiner helsemessige årsaker gjev han rett til ei mildare straff.

- Eg synest det var greit at lagmannsretten sette ned inndragingstida for førarkortet til sju månader. Eg har heile tida vore innstilt på å ta mi straff på lik linje med alle andre, og no føler eg at lagmannsretten har kome fram til eit meir rettferdig resultat, seier Lie.