Frp-politikar slår til igjen

Frp-politikar John Kåre Larsen blir nok ein gong møtt med sinte reaksjonar etter å ha kome med fleire Facebook-utspel om flyktningar. Trude Brosvik i KrF ber partiet rydde opp i rekkjene.

John Kåre Larsen

RETT PÅ SAK: John Kåre Larsen i Framstegspartiet held ikkje meiningane sine tilbake. Det er ikkje alle like nøgd med.

Foto: Finn J Hugøy

John Kåre Larsen seier til NRK at han ikkje ønskjer å kommentere utspela sine på Facebook.

I løpet av det siste døgnet har varaordføraren i Solund publisert statusar på Facebook der han:

  • John Kåre Larsen utspel om flyktningar og restaurant

    KRITISK: John Kåre Larsen er ikkje nøgd med at restaurantar gir vekk gratis mat til flyktningar. Fleire har reagert kraftig på utspel som dette, medan andre støttar Larsen.

    Foto: Skjermdump/Facebook
    Samanliknar menneske på flukt med ein invasjonshær
  • Er misnøgd med at restaurantar i Oslo vil gi gratis mat til flyktningar, mellom anna er han uroa for at det kan føre til dyrare prisar for andre gjester.
  • Meiner folk som opnar heimane sine for flyktningar sjølve treng hjelp.

«Rydd opp!»

Trude Brosvik (KrF) har sett seg lei på ytringane til Larsen.

– Eg har utfordra han mange gongar. Men dette tykkjer eg er så grovt at eg ikkje vil gå inn i ein polemikk om det. Det blir berre håplaust, seier ho og kjem med følgjande oppmoding til Frp:

– Dei må ordne opp i rekkjene sine, meiner KrF-toppen.

Trude Brosvik

LEI: Trude Brosvik i KrF meiner Larsen kjem med grove utspel som er ikkje er akseptable.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkesleiar i Frp, Lars-Svein Drabløs ser derimot ingen dramatikk i utspela til partifelle John Kåre Larsen.

– Ho bør ikkje kome med nokre råd til oss. Vi ryddar opp i rekkjene om vi meiner nokon har trakka over, og det meiner vi ikkje her, seier Drabløs.

Ville ikkje brukt ordet «invasjonshær»

Han meiner derimot at John Kåre Larsen må få lov å ytre seg på lik linje med andre, og at dei som er usamde heller får ta til motmæle. Likevel vedgår han at han ikkje ville brukt ordet invasjonshær i samanlikning med flyktningar.

– Eg ville ikkje brukt det ordet, for det kan bli misforstått, og om nokon vil misforstå det i verste meining så kan dei gjere det. Men som sagt kjenner eg John Kåre Larsen godt, og veit at han ikkje er rasist, og det er ikkje noko grunnlag for å gi han refs for det han har sagt. Alle bør vege sine ord på gullvekt, men ein må få lov å ytre seg i ein så viktig debatt, seier Drabløs.

– Ikkje rom for alle i debatten

Lars-Svein Drabløs.

VIL IKKJE REFSE: Fylkesleiar i Frp, Lars-Svein Drabløs, ser ingen grunn til å refse John Kåre Larsen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han oppfattar utspela til Larsen som ein del av den løpande debatten om flyktningkrisa.

– Dette er ein debatt som går no og den må vere levande, ein debatt om det er riktig å ta i mot så mange og om vi har kapasitet til å ta hand om desse på ein skikkeleg måte. At nokon vil gi vekk mat, det får dei berre gjere, men på eit tidspunkt er det nokon som må betale for det. Det har John Kåre Larsen heilt rett i, seier han.

Drabløs opplever at det i denne debatten ikkje er rom for dei som er kritiske til innvandringa.

– Eg synest det er leitt at det blir slik. Om det er nokon som uttalar seg utanfor det som er politisk korrekt så har vi media hengande på skuldrene heile tida.