Hopp til innhold

Ungt politikartalent vert skrytt opp i skyene

Andrekandidaten til Sogn og Fjordane Framstegsparti (Frp), Kristine Lie (21), får lovord i bøtter og spann frå Frp-leiar Siv Jensen.

Kristine Lie

ENGASJERT OG INTELLIGENT: Det er ord Frp-leiar Siv Jensen brukar om Kristine Lie, andrekandidaten til Sogn og Fjordane Frp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lie vart som 19-åringen leiar i Sogndal Frp, og sjølv om ho sa frå seg vervet i fjor er ho framleis rekna som eit stort talent innan politikken. Det meiner i alle fall Frp-leiar Siv Jensen. I programmet «Politisk kvarter» på P2 sa Jensen at ho har merkt seg Lie i fleire samanhengar.

– For det første er ho utruleg interessert i politikk, og ho er flink til å formulere det. Ho er veldig intelligent og engasjert, så eg har merka meg ho i mange samanhengar, ulike talarstolar og partisamlingar. Ho har også vore trainee hos oss, og vist at ho har brei kunnskap om politikk, sa Jensen.

Lærling på Stortinget

Det var som 19-åring Lie var lærling på Stortinget. Det var nokre av dei mest lærerike vekene ho har hatt i sitt liv fortalde ho då ho onsdag var gjest i P2-programmet.

– Vi vart kasta ut i det politiske vepsebolet og fekk oppleve utruleg mykje nytt og sjå heilt nye sider av politikken. Så dei sju vekene på Stortinget står nok utan tvil igjen som nokre av dei mest lærerike, interessante og ikkje minst dei mest motiverande vekene i livet mitt.

Frp-politikaren frå Sogndal skal til hausten starte på andre året som jusstudent i Bergen. Samstundes stiller ho på lista i heimfylket. Om det er politikar eller jurist ho vil bli veit ho ikkje endå.

– Det spørsmålet har eg ikkje teke stilling til no, for det har ikkje vore ein situasjon der eg har måtte velje. Men kjem eg i ein slik situasjon så er det noko eg må vurdere veldig nøye, seier ho.

Håpar på gjenvald mandat

Men blir det politikk på høgt nivå, då veit ho kva departement ho helst vil til.

– Eg studerer jus, så det er justisdepartementet som ligg tettast opp til mitt interessefelt, og det er der eg trur eg ville hatt mest å bidra med i framtida.

Etter at Åge Starheim har gitt seg i politikken, er Lie sitt håp at partiet hennar vil få gjenvald mandatet deira slik at Sogn og Fjordane Frp framleis vil vere representert på Stortinget.