Hopp til innhold

Frp meiner dei raudgrøne bløffar om nettleige

Britt Dalsbotten meiner Sp og Ap kjem med falske lovnader når dei lovar at dei skal utjamne nettleiga slik at folk i Sogn og Fjordane ikkje skal betale meir enn andre.

Britt Dalsbotten

HAR IKKJE TRUA: Britt Dalsbotten frå Frp har ikkje trua på at dei raudgrøne skal klare å jamne ut prisforskjellane på nettleige

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Val

– Det er valflesk og tomme ord. Om det er så lett å jamne ut nettleiga, kvifor gjorde dei ikkje meir då dei sat i regjering?

Dei raudgrøne partia er samde om å ta grep for å jamne ut nettleiga om dei får regjeringsmakt etter valet. Framstegspartiet sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Britt Dalsbotten, meiner dei bløffar.

Prisen ein betalar for nettleige på straumen, varierer mellom dei ulike straumleverandørane rundt om i landet. Her i fylket er det ein god del dyrare enn på austlandet. Det er fordi vi har meir krevjande terreng, og fordi det er større avstandar mellom straumkundane enn i meir sentrale strok.

Les også: Vil at folk i byane skal betale meir

– Det finst ikkje noko enkel løysing på dette

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet lovar å jamne ut desse forskjellane om dei kjem til makta neste veke.

– Vi er også samde i at det er urettferdig at prisane varierer sånn, men det er ikkje noko enkel løysing på dette. Tidlegare har ein hatt ein pott på 100 millionar for å jamne ut prisane, men det monnar ikkje, seier Dalsbotten.

Senterpartiet sin førstekandidat, Liv Signe Navarsete, er ikkje imponert av kritikken frå Frp.

– Eg har ikkje høyrt nokon andre enn Britt Dalsbotten som ikkje trur at dette let seg løyse. Vi pressa på for å få meir til då vi sat i regjering og, men forskjellen no er at vi har fått Arbeidarpartiet med på laget.

Liv Signe Navarsete

SKAL FÅ DET TIL: Liv Signe Navarsete meiner dei skal få til å jamne ut straumprisane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette kjem vi til å levere på

Og Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet stadfestar at denne saka er høgt oppe på Ap sin agenda om dei skulle få regjeringsmakt.

– Vi hadde ikkje gått så hardt ut om vi ikkje visste at dette lot seg løyse, seier Høl.

Høl forklarer at dei ser føre seg ein modell der folk i til dømes Oslo betalar litt meir, og folk i Sogn og Fjordane betalar litt mindre.

Nedstemt Hilmar Høl

HAR TRUA: Hilmar Høl er trygg på at Ap skal klare å jamne ut nettleiga slik at ho ikkje blir så dyr her i fylket

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil heller slå saman selskapa

Men Framstegspartiet trur den einaste måten ein kan få likare prisar på nettleige, er å slå saman selskapa til større einingar.

– Det er rundt 100 nettselskap i landet i dag. Med større selskap vil prisen bli likare, og dei vil også kunne drive meir effektivt enn i dag, seier Dalsbotten.