Åge Starheim (Frp) kastar seg inn i valkampen med å love betre vegar i Sogn og Fjordane dersom han kjem på Stortinget.
Dårleg vegdekke er eit problem mange stader i fylket, og Starheim lovar at veg blir ei fanesak for han i den komande valkampen.
Framstegspartiet vil ha ekstraløyvingar på 10 milliardar kroner til samferdsle dei neste ti åra.
- Midlar frå bompengar og vegavgifter er ikkje nok, seier Starheim.