Frp-leiar: Bondeaksjonar for å fremje Senterpartiet

Fylkesleiar Lars-Svein Drabløs i Sogn og Fjordane Frp meiner bondelaget driv Senterparti-promotering når dei bryt jordbruksforhandlingane.

Lars-Svein Drabløs

– PROMOTERER SENTERPARTIET: Fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Frp skuldar bondelaget for å gå ærend for Senterpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han trur føremålet med bondeaksjonane er å få saka til Stortinget og dermed fremje Senterpartiet, og han meiner det er for tette band mellom Senterpartiet og bondelaget.

– Når bondelaget bryt forhandlingane ser eg at føremålet er å få det til Stortinget for at Senterpartiet kan halde på med sin politikk der. Eg registrerte også kva Liv Signe Navarsete sa på årsmøtet til bondelaget i gloppen at det var viktig å kople landbruk og distriktspolitikk.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

AVVISER FOR TETTE BAND: Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Partipolitisk nøytral

Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag avviser at det er for tette band mellom organisasjonen han leier og Senterpartiet.

– Eg er leiar i ein organisasjon som er partipolitisk nøytral, og det prøver å vere tydelege på. Vi gir den same bodskapen til alle parti. Om det er Senterpartiet eller Frp så er det likt, slik skal det vere. Og så er det hemmeleg kva urne eg puttar min stemmesetel i.

Sigurd Reksnes

AVVISER FOR TETTE BAND: Fylkesleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Ansvarsfråskriving

Og fylkesleiar Sigurd Reksnes har heller ikkje sans for utspelet til Frp-leiaren.

– Eg synest Drabløs driv med rein ansvarsfråskriving. Når Stortinget i jordbruksmeldinga vedtok at inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper skulle bli tetta, så legg Frp-statsråden fram eit tilbod som gjer at dette målet ikkje blir oppfylt.

I ein slik situasjon er det ikkje rart at bondelaget bryt forhandlingane, meiner Reksnes. Og han avviser at det er for tette band mellom Norges Bondelag og Senterpartiet.

– Det er ikkje tettare band enn med dei andre politiske partia. Eg trur at alle fylkesleiarane i partia i Sogn og Fjordane jamleg blir kontakta av bondelaget. Men det er klart at Senterpartiet har eit brennande hjarte for norsk matproduksjon.