Hopp til innhold

– Bolstad bør gå av

Bolstad bør ta konsekvensen av dei sakene som har kome opp den siste tida, meiner fylkesleiaren i Framstegspartiet.

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet, meiner Bolstad bør gå.

Foto: FrP

– Administrerende direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, bør trekke seg, seier Frank Willy Djupvik, leiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane til NRK.

Djupvik seier det er fleire i partiet som jobbar på sjukehuset i Førde, og som meiner Bolstad har ein tøff leiarstil.

– Eg syns at Bolstad sjølv må sjå kva situasjon han har kome opp i og trekke seg frå stillinga si. Einkvar bedriftsleiar i ei anna bedrift ville sett at situasjonen er heilt uhaldbard til at han skal kunne leie føretaket vidare, seier Djuvik.

– Slik eg ser det vil det ikkje vere mogeleg for Bolstad å klare å samle føretaket. Det einaste valet Bolstad har er faktisk å trekke seg, seier han.

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad

Foto: Oddleif Løset / NRK