NRK Meny
Normal

Full krangel i Frp om lagnaden for Strynefjellet

Det er full krangel i Framstegspartiet om vegen over Strynefjellet.

Frp-krangel om Strynefjellet

FRP-KRANGEL: Er Strynefjellvegen med eller ikkje?

Foto: Montasje: Arne Stubhaug/Asgeir Heimdal Reksnes og Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Onsdag sa fylkesleiar Lars Svein Drabløs at fylkespartiet ikkje vil prioritere strekninga inn mot Nasjonal transportplan. No går både Stryn Frp og tidlegare leiar Frank Willy Djuvik ut og kritiserer Drabløs for å feilforklare kva partiet meiner.

– Eg trur dette skuldast ei mistyding, og ei ulik tolking av dei ein har vedteke seier Djuvik

Leiar i Stryn Frp Anders Magne Vik meiner tilliten til Drabløs er svekka, og legg ikkje fingrane mellom i sin kritikk av fylkesleiaren.

– Plutseleg så får eg slengt i meg at langtidsprogrammet vårt ikkje skal gjelde lenger, seier Vik.

Vik skriv torsdag i sosiale medium at Drabløs driv eit solospel som lokalpolitikar på Eid, og tek fylkespartiet til inntekt for eit syn dei ikkje har.

– Og det meiner eg. Dette må han stå for sjølv, seier Vik.

Fylkesleiar Lars Svein Drabløs har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Satsar på Hemsedal

Onsdag sa Drabløs at Frp i Sogn og Fjordane no satsar på Hemsedalsfjellet og ikkje vil prioritere opprusting av Strynefjellet. Det er knytt stor spenning til om regjeringa går for tunnel under Hemsedalsfjellet og bru over Sognefjorden framfor opprusting av Hardangervidda.

– Vi har hatt Strynefjellstunnelane oppe tidlegare og meint noko om det. Så har Hemsedalsalternativet kome, og det har vi teke omsyn til når vi prioriterer, sa Drabløs til NRK onsdag.

Fem konkrete prosjekt

Frp har i sitt innspel i arbeidet med Nasjonal transportplan peika på fem konkrete prosjekt som må realiserast i komande handlingsprogram frå 2018–2022.

Der har dei funne plass til Stad skipstunnel, kystvegen Ålesund-Bergen, Vik-Voss, E39 og E16/riksveg 5, men Strynefjellsopprustinga til nær fire milliardar er ikkje konkret nemnt. I staden står det i eit tilleggsavsnitt at ein påpeikar trongen for opprusting av riksveg 15 Måløy-Otta.

Likevel går også no gruppeleiaren på Fylkestinget Frank Willy Djuvik i rette med Drabløs og meiner at Frp i Sogn og Fjordane vil ha nye tunnelar over Strynefjellet så raskt som råd.

– Eg skjønar at Stryn Frp reager på dette. Sogn og Fjordane Frp har både programfesta og vedteke ein resolusjon der vi seier at vi vil ruste opp Strynefjellet og bygge ny tunnel der og det skal vi fortsette å jobbe for. Vi har vedteke eit program for fire år og vi skal sjølvsagt kjempe for å realisere Strynefjellet, seier Djuvik.

– Men kvifor sette de då ikkje Strynefjellet inn blant dei prioriterte prosjekta til Nasjonal Transportplan?

– Det har vi eigentleg gjort, men vi har gjort det på ein litt anna måte sidan Strynefjellet allereie ligg inne i Nasjonal Transportplan når det gjeld opprusting. Så har samferdsleministeren sagt at ein ikkje rustar opp tunnel når ein uansett skal bygge nye. Så vi har tatt for gitt at dette er eit prosjekt som allereie ligg inne, og som Samferdsledepartementet allereie jobbar med å få realisert, seier Djuvik.

Vegopning på Bergum i Førde kommune