Hopp til innhold

Frp går tilbake i 10 av 10 kommunar

Framstegspartiet gjekk på ein kraftig smell i årets val. Til saman har partiet mista 11 representantar i kommunevalet.

Lars-Svein Drabløs

OPTIMIST: Lars-Svein Drabløs, fylkesleiar i Frp, er ikkje i tvil om at partiet vil komme sterkare tilbake etter eit svært dårleg val i år.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vallogo

– Det var ikkje noko hyggjeleg valnatt, men vi hadde for så vidt, ut frå meiningsmålingane, budd oss på at det kom til å bli eit dårlegare val denne gongen enn sist. Men det er gledeleg at Selje og Vågsøy stort sett heng med og framleis er dei store Frp-kommunane, seier fylkesleiar i Frp, Lars-Svein Drabløs.

– Men også i Vågsøy ser ein stor nedgang?

– Jau då, men i Vågsøy er vi for så vidt også nøgd med resultatet. Vi hadde ein venta ein nedgang og den ser vi over heile linja, men det er greitt, seier han.

Vil ikkje spekulere i årsaker

For slik er altså realiteten. I alle dei ti kommunane Frp har stilt liste går partiet tilbake. Verst er det i Luster, der partiet har tapt 8,8 prosentpoeng sidan førre kommune- og fylkestingsval. I Sogndal, Førde og Vågsøy tapar dei mellom 4 og 5,9 prosentpoeng. Til og med i Selje, der partiet framleis står sterkt med 20,7 prosent av stemmene, har partiet ein svak nedgang.

Drabløs vil ikkje konkludere med kva som er årsaka.

– No skal vi evaluere den her valkampen gjennom partiet sine organ her i fylket, og sjå kva som har gått gale. Men det er klart at eit parti på fylkes- og lokalplan følgjer mykje dei nasjonale trendane, så her er vel ein kombinasjon av litt lokalt og litt sentralt.

– Eit turbulent år

Trass nedturen trur han ikkje at viljen til å drive Frp-politikk i fylket er vekke.

– Når vi har snakka med folk i valkampen har eg fått ei kjensle av at det er veldig mange som er samde med oss, og det er eit godt grunnlag for jobbe vidare. Det er klart, vi har hatt eit turbulent år, men no er det berre å brette opp ermene og gå vidare, seier han.

Dei måtte halde eit ekstraordinært møte grunna rot med økonomien. Æresmedlem Åge Starheim skulda fylkestopp Djuvik for snusk og fanteri, og melde seg etter kvart ut i protest. På nominasjonsmøtet var det berre med knapp margin at Djuvik fekk førsteplassen.

– Det tok ein del tid som vi skulle brukt på andre ting. I sum ser eg at vi no er komne over dette og må jobbe vidare, seier Drabløs.

– Trur du Frp ville ha kome betre ut i valet dersom ikkje Djuvik toppa lista?

– Nei, det trur eg ikkje.

Drabløs er ikkje i tvil om at Frp vil komme sterkare tilbake.

– Vi har nede før og komme opp igjen, og det er eg heilt sikker på at vi skal gjere denne gongen også, seier han.

Han kan førebels ikkje slå fast kven som får dei to mandata på fylkestinget for Frp.