NRK Meny
Normal

Rår politikarane sine til å røyste ja til vestlandsfylke

Fylkespolitikarane til Frp blir rådd til å røyste for ein intensjonsavtalen om eit Vestlandsfylke.

Lars Svein Drabløs på fylkesårsmøte

RÅD: Frp sine to fylkestingsrepresentantar blir råda til å røyste ja til eit storfylke på Vestlandet. – Vi hadde ein grundig diskusjon om regionreforma, seier fylkesleiar Lars Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er klart etter dagens representantskapsmøte i partiet.

– Vi hadde ein grundig diskusjon, men fleirtalet rår fylkestingsgruppa for å gå for intensjonsavtalen. Men vi er ikkje noko avgjerdsorgan. Dette er vårt råd til fylkestingsgruppa, som er suverene, seier fylkesleiar Lars Svein Drabløs.

NRK fortalde tidlegare i veka at fylkestinget i Sogn og Fjordane kjem til å trasse folkeviljen med eit positivt vedtak om å gå saman med Hordaland og Rogaland til eitt stort vestlandsfylke.

Dersom Frp-gruppa følgjer rådet frå representantskapet, så vil 19 fylkestingsrepresentantar røyste for intensjonsavtalen.

Senterpartiet, SV og Miljøpartiet Dei Grøne sine 12 representantar vil vere dei einaste som røystar mot.

– Frp er går prinsipielt for å ta vekk dette nivået, men det som talar for ein intensjonsavtale er at den er god for Sogn og Fjordane med dei arbeidsplassane vi får. Dessutan kjem vi ikkje i ein situasjon der fylket blir delt mellom nord og sør, seier Drabløs.

Fylkestinget handsamar saka førstkommande tysdag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.