Dette er fylkesleiar Åge Starheim (biletet) godt nøgd med.
- Veldig nøgde
- Når det gjeld kommunevalet så er vi veldig nøgde. Vi stilte med lister i 18 kommunar og har fått inn representantar i 17 av dei. Vi har fått inn omkring 30 kommunestyrerepresentantar og det tykkjer vi er bra, seier han.
Vaktbikkjer
Han har også ei forklaring på framgangen:
- Veljarane i fylket ynskjer oss inn i kommunestyret truleg fordi dei vil vi skal fungere som vaktbikkjer. Det er det vi satsar på sjølve, og vaktbikkjer kjem vi også til å vere på fylkestinget. Sjølv om vi ikkje nådde målet vårt der, fekk vi inn fire fylkestingrepresentantar, seier Starheim.
Historisk godt
I Sogn og Fjordane som i resten av landet har Frp gjort eit historisk godt val. Spesielt i kystkommunane Florø, Vågsøy og Selje har partiet klart å markere seg. Også i Luster kan Frp få den fyrste varaordføraren i fylket nokon gong. Fylkesleiaren meiner at framgangen i kommunane er viktig for å nå eit nytt mål; Nemleg å få inn ein representant på Stortinget.
- Dette betyr veldig mykje, ikkje minst med tanke på det som skal skje om to år. Vårt neste store mål er å få inn ein stortingsrepresentant frå Frp Sogn og Fjordane, og då betyr det mykje at vi er representert i kommunestyra rundt omkring. Det viser seg at det er ein god føresetnad for å oppnå best mogeleg resultat i Stortinget, seier han.