NRK Meny
Normal

Kvinne til lege etter kollisjon

To bilar har kollidert front mot front i Kvam i Sogndal. Minst ein person er skada. Ei kvinne er sendt til lege.

Ulukke i Kvam

FRONTKOLLISJON: Det var to personar i kvar bil, då den eine kom over i motgåande køyrefelt.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Ifølgje politiet var det to personar i kvar av bilane som kolliderte på fv. 55 nokre kilometer aust for Sogndal.

– Patruljen på staden melder at det er veldig glatt føre, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Ulukka blei meld av ein av dei involverte klokka 13.14.

Kom over i køyrefeltet

– Ein bil har kome køyrande over i motgåande køyrefelt og truffe bilen som kom i mot, og deretter hamna i grøfta, seier Christian Algrøy, politibetent ved Sogndal Lensmannskontor.

Dei fleste av dei som var involverte i ulukka er uskadde, men ei kvinne er sendt til legevakta i Sogndal med smerter i kneet.

Det er for tidleg å seie noko om årsaka til at bilen har kome over i feil køyrefelt.

– Me driv no med avhøyr av dei involverte partane så etter kvart vil etterforskinga syna kva som har skjedd.

Opprettar sak

Politiet skriv på Twitter at bilane er fjerna frå staden og vegen er open for fri ferdsel. Vegentrepenør har salta vegen i området.

Poltiet opplyser også at dei opprettar sak, men at det ikkje er mistanke om ruskøyring.

Laster kart, vennligst vent...

GLATT: Det er i Kvam, mellom Sogndal og Hafslo at ulukka har skjedd.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.