Hopp til innhold

Fem personar involvert i front mot frontkollisjon på Strynefjellet

To bilar kolliderte front mot front i Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet. Vegen er no opna att for fri ferdsle.

Oppljostunnelen

I alt fem personar var involvert i ulukka, men til alt hell kan det no sjå ut som at det har gått bra reint fysisk med fire av dei. Den femte personen blir frakta til legevakt i Stryn med ambulanse.

– Vegen er no rydda og opna att etter ulukka, melder politiet.

Det blei slått full alarm då meldinga om ulukka kom inn og det blei sendt i alt fire bilambulansar, luftambulanse, brannmannskap og fleire politipatruljar til staden.

– To bilar har kollidert front mot front i tunnelen og det er fleire andre bilar i tunnelen. Fem personar var i dei to bilane og vi veit førebels ikkje noko om skadeomfanget, fekk NRK opplyst frå Vest politidistrikt.

Dei fem personane kom seg sjølv ut av bilane etter kollisjonen som skjedde om lag midt i tunnelen ved ein bom som blir brukt for å stenge Strynefjellet om vinteren.

Dette er ein mykje trafikkert strekning, ikkje minst for turistar til og frå Nordfjord og Geiranger.