Hopp til innhold

Front mot front i Vassdalen

To personar er sundag ettermiddag sende til sjukehus i Førde etter ei trafikkulukke i Vassdalen i Fjaler.

Created by InfoDispatcher

Fotograf: Alf Vidar Snæland

Klokka 20:47 opplyser Per Rimmen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt at den kvinnlege føraren av den eine bilen er mistenkt for å ha køyrt med promille.

– Førarkortet er kverrsett og det er tatt blodprøve av kvinna, seier Rimmen.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18:10.

– Det er snakk om ei møteulukke mellom to bilar. Det var ein person i kvar av dei, og den eine av dei skal vere alvorleg skadd, seier Nils Erik Eggen, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Klokka 19:20 opplyser Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt at begge bilførarane er sende til sjukehus, og at det er snakk om lettare skadar.

Ut over at det er ei møteulukke mellom to bilar, kan politiet førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Laster Twitter-innhold