Hopp til innhold

Front i front på Panoramavegen

Føraren av ein personbil er sendt til legesjekk etter ein frontkollisjon på Panoramavegen mellom Lote og Stryn.

Ulukke på Panoramavegen

SMALT: Frontkollisjonen skjedde på Panoramavegen på nordsida av nordfjorden.

Foto: Roger Vik

Ulukka skjedde like før klokka 16. Personbilen frontkolliderte med ein møtande minibuss i ei kurve ved Gald.

Det var ein person i kvar av bilane.

– Bussføraren kom uskadd frå samanstøyten, medan føraren av personbilen er køyrt vekk med ambulanse. Skadeomfanget er ukjent, opplyser politibetjent Tor Egedahl til NRK.no.

Frontkollisjon på Panoramavegen

USKADD: Føraren av minibussen kom frå samanstøyten utan skader.

Foto: Roger Vik

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at bilføraren er sendt til legekontoret i Stryn. Måndag kveld opplyser politiet at bilføraren, ein mann i slutten av tenåra, er sendt til sjukehus.

Vegen er smal der ulukka skjedde.

– Det er ein høvesvis smal fylkesveg. Personbilen har fått store skadar i front, seier Egedal og opplyser at det førebels er uvisst kvifor ulukka skjedde.

Politiet opplyser at det er oppretta sak etter uhellet, og at denne blir vidare etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor.