– Eg kjenner på ei lita kjærleikssorg

Frode Søreide har tippa husprisar på TV for siste gong, for no har «Solgt!» sendt sin aller siste episode.

Programleiar Frode Søreide

EIN EPOKE ER OVER: Frode Søreide har samla folk rundt TV-skjermen med programmet sitt i åtte år.

Foto: Trude Janet Maarud / NRK

Gjennom åtte år og ni sesongar har Frode Søreide reist land og strand rundt for å la meklarar tippa husprisar. Men no er det slutt.

– Det er ein form for kjærleikssorg no. Det har vore ei stor oppleving å få reise rundt i Noreg og i utlandet for å tippe bustadprisar, så det blir eit lite tomrom.

Blir ikkje sett nok

TV-programmet har fylt kvardagen hans i så mange år at det har blitt ein viktig del av livet.

Solgt i Lofoten

I NORD: Meglare frå Bærum og Stavangersaman med programleiar Frode Søreide i Lofoten I 2011.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

– Det har vore mykje reising, og til dels har det vore det livet har handla om, så eg kjenner litt på det, seier Søreide.

Redaktør for Dokumentar og samfunn i NRK, Frank Gander, fortel til Medier24 at programmet leggast ned fordi det ikkje blir sett nok i NRK si strøymeteneste.

– «Solgt!» har samla folk i hopetal framfor TV-skjermen, både i førstegongsutsendingar og i reprisar, men ikkje fungert like godt i NRK TV, seier Gander.

– Det er omlegging og nye tider. Folk ser mindre på TV no enn tidlegare og folk streamer sin eigen TV-kveld. Det er nok litt i den utviklinga at ein har kome til denne konklusjonen, seier Søreide.

Frode Søreide

HYTTEPRISAR: Frode Søreide tok med seg meglarar for å tippe prisen på fjellhyttar.

Foto: NRK

Nok reprisestoff

I løpet av dei ni sesongane har Frode Søreide innført nokre nye ord i ordforrådet sitt – og kanskje også hos andre.

– Etestove har jo blitt litt meg. Det datt no berre ut og var litt tilfeldig, men sidan har det festa seg, seier han.

Men no må Søreide finne seg noko anna å gjere på. I mellomtida kan det godt hende han dukkar opp på skjermen med «Solgt!» likevel – men då i reprise.

– Det er ikkje sikkert folk er kvitt meg endå.

Frode Søreide, Solgt

SYDENTUR: Frode Søreide har vore land og strand med programmet sitt. Her frå sydentur på den spanske solkysten i sesong 7.

Foto: Skjermdump / NRK