NRK Meny
Normal

Frode kasta julebrev i vedkubbe

Frode Søreide frå Høyanger sørside er kjend frå TV-programmet «Solgt» på NRK1. Han hugsar med glede ein spesiell juletradisjon frå barndommen på Søreide.

Frode Søreide er programleiar i "Solgt!"

PÅ FØDESTADEN: Frode Søreide kom til verda på Høyanger sjukehus.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Det kjekkaste han opplevde i 2012 var å vinne ein matlagingskonkurranse på TVNorge.

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 var eit godt år for meg. Var på lufta med ny sesong av Solgt på NRK. Alltid kjekt når over ein halv million menneske benkar seg framfor fjernsynet for å sjå på programmet ditt. Elles har det vore eit kjekt år med mykje reising, noko eg er veldig glad i.

– Trekk fram di beste personlege oppleving i året som gjekk. Kvifor var dette eit høgdepunkt for deg?

– Eg synest det var veldig kjekt å vinne mi veke med 4-stjerners middag på TVNorge. Spesielt kjekt var det at eg vann gjennom å bruke lokale råvarer frå heimfylket mitt. Eg serverte oppdrettskveite frå Høyanger sørside, lokalt øl og heimelaga hjortepølse frå søskenbarnet mitt.

– At eg skulle vinne ein matlagingskonkurranse er det vel eigentleg ingen som ville spådd på førehand. Ekstra kjekt var det å få Olav Stedje på besøk som underhaldning.

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012 – og kvifor?

– Terroråtaket har fortsatt prega oss dette året. Minnemarkeringa på Rådhusplassen 22. juli i år var sterkt. I tillegg er det ei dagleg påminning å gå forbi Regjeringsbygget kvar dag til jobb.

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Eg er alltid optimistisk, men vil nok vere nøgd om livet held fram som før. Men mitt største ønske er få ein varm og god norsk sommar. Det har vore ei mangelvare siste åra.

– Har du nyttårsforsett? I tilfelle kva?

– Eg er veldig lite opptatt av sjølve nyttårsforsettet, for 1. januar er ein stort sett utslitt etter feiringa, og det er ingen god dag for dei store skippertaka. Men eg har eit mål om å legge frå meg uvanen med snus i løpet av året.

– Korleis feirar du jul i år? Er du heime, kva et du?

– Jula blir feira heime på Søreide med næraste familie, slik det alltid har vore. Når ein bur langt vekke er det å kome heim til jul veldig viktig. På menyen står pinnekjøt.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– På Søreide hadde vi ein spesiell tradisjon med å kaste julebrev. Det vil seie at vi kasta inn ein vedkubbe med ei helsing inn i gangen til nabofolket. Deretter skulle naboen kome ut og prøve å fange oss, før vi fekk kome inn og få julegodteri. Ein veldig kjekk tradisjon som lever den dag i dag.

– Men eg hugsar vel best det året vi kasta julebrev hjå nokre ungdomar i bygda. Ungdommane ville skremme oss og fyrte av eit lausskot. Den gong vart det kanskje vel spanande ei stund – men vi fekk julesnop til slutt.

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Som liten var eg veldig glad i lego, og det var det alltid stas å få. Men størst av alt var vel det året eg fekk meg skrivemaskin. Det minner meg vel om at sjølv begynner å dra på åra.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Eg har vel ikkje akkurat bidratt så mykje. Men om nokon er einsame i jula så kan eg alltid stikke innom ein tur.