Hopp til innhold

Frode Grodås var på plass då sonen tok tabelltoppen med gamleklubben

FOSSHAUGANE (NRK): Keeperlegenda Frode Grodås starta karrieren i Sogndal som syttenåring. I går var han tilbake på Fosshaugane der han fekk sjå sonen Victor Grodås ta tabelltoppen med gamleklubben.

Frode og Victor Grodås saman etter kampen

FAR OG SON: Keeperlegenda Frode Grodås og sonen Victor, som i dag spelar på Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Frode Grodås kom til Sogndal frå barndomsklubben Hornindal i 1982. Det var starten på ei stor karriere, med cupsigrar i både England og Tyskland som høgdepunkt.

– For meg var Sogndal inngangen til toppfotballen. Det forma meg både som spelar og menneske. For meg passa det godt å komme til eit trygt miljø. Det er ikkje sikkert eg hadde fått den same karrieren viss eg hadde gått til ein toppklubb for tidleg, seier han.

– Har du bruk for ein god back?

Senior hadde meir enn éin finger med i spelet då junior før sesongen gjekk frå Hødd til Sogndal.

– Eg tok tak i Eirik her i fjor ein gong og sa at «viss du er ute etter ein god back, så kan du ta ein titt på Victor». Så ringde han opp igjen fire månader seinare og plutseleg hamna han her.

På Fosshaugane fekk Grodås sjå heimelaget ta kommandoen frå start. Serieleiar Åsane måtte plukke ballen ut av buret heile tre gongar før halvtimen er spelt. 3-0 blei òg sluttresultatet. Med det tok Sogndal over tabelltoppen i 1. divisjon.

Frode Grodås lét seg imponere av det han såg.

– Det var eit solid sogndalslag, som var på og best i alle fasar. Så det var ein solid og fortent siger.

– Korleis tykkjer junior gjorde det utpå der?

– I dag gjer han ein solid og god kamp, spesielt defensivt. Eg har sett han bidra meir offensivt tidlegare, men ein heilt bra gjennomført kamp.

Victor Grodås

NØGD MED KAMPEN: Sogndalspelar Victor Grodås

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Også Grodås junior er nøgd etter kampslutt.

– Det var viktig å revansjere førre heimekamp, som var veldig svak. Det var herleg å vise korleis vi skal stå fram på heimebane.

Håpar på opprykk

Det er enno tidleg i sesongen, men held Sogndal fram i same tempo kan det fort bli eliteserie til neste år. Og eit gjensyn med ein klubb som både far og son Grodås har eit ekstra nært forhold til.

– Eg hadde fem gode år Lillestrøm. Eg har ikkje spelt mot dei som senior, så det er klart det hadde vore moro å spele mot dei på Åråsen, seier Victor Grodås.

Far Frode Grodås spelte heile ti sesongar for Lillestrøm. Men han er ikkje i tvil om kven han skal heie på, dersom Sogndal tek steget opp til neste år.

– Det blir spesielt. Men no har det gått nokre år. Og sjølv om eg var der i ti år og klubben har blitt ein del av meg, så heiar eg nok på Sogndal i den kampen. Det er det ikkje tvil om, seier han.