Det har vore mykje rabalder om dei kommunale løyvingane til Frivilligsentralen. I fjor stod sentralen i fare for å bli lagd ned, men kommunepolitikarane løyvde i siste sekund 120.000 kroner. No snur ein sakkomité med fem folkevalde heilt om, og går inn for å kutte den kommunale løyvinga heilt frå neste år.
Gratis tilbod
Frivilligsentralen har organisert frivillig aktivitet i Sogndal kommune sidan 1991. Sentralen har gratis tilbod, som nattugler og matlevering til eldre. I fjor arbeidde over 200 frivillige gratis for sentralen.
Krev meir av sentralen
SV-politikar Karl Georg Høyer har leia komiteen som no vil kutte 120.000 kroner, og dermed i praksis leggje ned dagens frivilligsental. Komiteen meiner at sentralen ikkje gjer nok for dei kommunale kronene dei får. Høyer ønskjer å byggje opp ein ny sentral frå 2005 med ei meir effektiv organisering. Kommunestyret i Sogndal skal handsame saka på torsdag.