NRK Meny
Normal

Thorolf (72) vart berga etter eit tre timar langt iskaldt smertehelvete

Thorolf Johnsen (72) frå Måløy takkar frivillige eldsjeler for at han er i live. Søndagsturen han la ut på til Hanekamben i fjor kunne fort blitt hans siste fjelltur.

Laila og Thorolf Johnsen

TAKKSAME: Turen på Hanekamben i Vågsøy vart langt meir dramatisk enn Thorolf Johnsen kunne drøymt om. I dag takkar både han og kona Laila alle som medverka i leiteaksjonen for at 72-åringen framleis er i live.

Foto: Privat

Med sju knekte ribbein, knust kragebein, skulder og brot i hovudskallen og ansiktet, vart sterkt nedkjølte Thorolf Johnsen frakta til sjukehus med redningshelikopter.

Sjølv kjempa han tre timar mot både kulde og smerte, men 72-åringen takkar politiet, 330-skvadronen og frivillige sambygdingar for livet.

– Dei betyr at eg står her. Det var nummeret før eg var ferdig. Det var ikkje mykje att av meg på slutten. Kroppstemperaturen vart målt til 31/32 grader då eg kom inn i helikopteret, fortel han.

Fast søndagstur

Søndag 5. februar 2012: Snøen kviler over marka og fjella i Måløy. Det bles godt, men vêrforholda er ikkje verre enn at fjellvande Johnsen ynskjer seg ein tur på fjellet Hanekamben 652 meter over havet. Slik som så mange søndagar før.

Fjellet kjenner han godt. Fjellturen hans vart likevel ein av Sogn og Fjordane Røde Kors sine 70 aksjonar i fjor. Det er største tal aksjonar sidan 2000.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Eg har gått på fjellet i kring 40 år. Ein søndagstur på Hanekamben var fast det. Uansett vêr og vind, fortel han.

Kasta av vinden

Men denne turen blir ikkje bli som alle dei andre turane. Hanekamben er dekt av skare. På veg ned att tek vinden verkeleg laust. Den kring sju kilometer lange fjellturen tek ei dramatisk vending.

Det var ikkje lett å halde seg våken med sju knekte ribbein, smadra kragebein, smadra skulder, brot i skallen og i ansiktet

Thorolf Johnsen, uheldig turgåar

– Det var om lag som om vinden vart sleppt ut av ein sekk. Eg sparka meg fast i skaren i påvente av at vinden skulle gje seg. Plutseleg kom det eit vindkast som flytta på meg. Då for eg nedover skaren, minnast han.

I stor fart går Johnsen kast i kast kring 150 meter nedover ein skråning. Så blir det bom stogg. Etter å ha treft, og blitt kasta over, ein stor stein.

– Eg berre håpa eg ikkje slo hovudet i steinane, seier han.

Mista telefonen

Sterkt forslått står 71-åringen delvis oppetter ein stein. Han klarer ikkje å setje seg ned. Telefonen får han ikkje tak i med det same.

Når folk er i naud, då stiller du.

Per Rune Loen, frivillig

Samstundes set kona Laila heime og anar lite om dramatikken ektemannen opplever. Ho prøver å ringe. Både ein og to gonger.

– Eg fekk tak i telefonen andre gongen. Då fekk eg sagt at eg var skadd, før eg mista telefonen på bakken. Der ligg den framleis, fortel han.

Visste ikkje kvar han var

Ikkje ein gong Johnsen veit heilt kvar han er. Rutsjeturen har ført han vekk frå stien, men han veit ikkje kor langt. Berre han sjølv veit kvar på stien det gjekk gale. Kona varslar politiet, som igjen trommar saman til bergingsaksjon.

Vågsøy Røde Kors Hjelpekorps, politiet og redningshelikopter medverkar.

Det gjer også frivillige Per Rune Loen og Øystein Solheim som berre nokre månader i førevegen stilte seg til disposisjon for hjelpekorpset om nokon skulle trenge hjelp på det populære turfjellet.

– Vi er ein gjeng som har gått der vinterhalvåret siste 12 åra. Vi kjenner fjellet godt, seier Loen.

Orkan i kasta

– Utgangspunktet var ganske håplaust. Thorolf kunne ikkje gjere greie for kvar han var og vi visste berre at han hadde slått seg og låg i ei ur ein eller annan stad, legg han til.

330-skvadronen prøver å ringje den skadde turgåaren. Telefonen ligg på bakken, men han klarer å svare. Frå det dei høyrer gjennom telefonen, klarer mannskapet om bord redningshelikopteret å sirkle inn eit område der den skadde ligg.

(Artikkelen held fram under gafrikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Både Johnsen og leitemannskapa kjempar mot klokka. Det er kaldt og byrjar å bli skymt. Det har gått timar sidan uhellet. Vinden bles orkan i kasta og forholda er utfordrande sjølv for 330-skvadronen.

Frykta synet

Øystein Solheim og Per Rune Loen (t.h.).

FRIVILLIGE: Øystein Solheim og Per Rune Loen (t.h.).

Foto: Privat

Frivillige Loen og Solheim er bestemte på at dei skal opp i fjellet for å leite etter den skadde. Undervegs på oppturen plukkar redningshelikopteret dei opp. I sterk vind blir dei firt ned på toppen av fjellet.

Dei ser at den sakna har skrive seg inn i turboka tidlegare på dagen, så startar dei søket.

Loen er glad for at han nokre veker tidlegare kjøpte seg broddar. Det er berre så vidt han klarer å fote seg på den glatte og steinharde stien.

– Vi måtte berre finne han, og tok det derifrå, seier Loen.

Ser helikopteret

Johnsen har ikkje gjeve opp å bli funnen i live. Han veit at leitemannskap er i sving. Under seg har han både sett og høyrt helikopteret.

Når du er med og bergar liv, då sit du att med ei utruleg god kjensle.

Torbjørn Seljen Melby, Vågsøy Røde Kors hjelpekorps

Skadane og sterke smerter hindrar han i å gjere seg til kjenne.

Leiteaksjon etter turgåar

ORGANISERTE: Røde Kors Hjelpekorps og frivillige bur seg på å leiteaksjonen etter Thorolf Johnsen.

Foto: Bjarne Eldevik

– Eg tenkte berre at eg ikkje måtte sovne, men det var ikkje lett å halde seg våken med sju knekte ribbein, smadra kragebein, smadra skulder, brot i skallen og i ansiktet. Eg såg blodet renne ned for augo, men visste ikkje kvar det kom frå, seier Johnsen.

Til Haukeland

Så skjer det. Loen og Solheim ser skrapemerke i skaren. Dei tek seg forsiktig ned den skarelagde, nær 40 grader bratte, skråninga. Undervegs ser dei blodspor i snøen. Dei kjem over ei blodig lue. Dei har funne Johnsen.

Loen og Solheim tek seg ned til han medan dei signaliserer til redningshelikopteret at dei har funne den sterkt medtekne fjellvandraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter mann i Vågsøy

SØKJER: Hardt skadd, og utan mogelegheit til å gjere seg til kjenne, såg Thorolf Johnsen helikopteret under seg.

Foto: Bjarne Eldevik

Johnsen blir løfta om bord i helikopteret, som vender nasen mot Bergen og Haukeland Universitetssykehus. Etter tre iskalde timar i eit smertehelvete oppetter ein stein, er han i trygge hender. Leitemannskapa kan puste letta ut.

Loen, som ikkje er med i det lokale hjelpekorpset, seier han hadde stilt igjen.

– Det er berre heilt naturleg. No skjedde dette på ein søndag, slik at eg hadde fri. Men hadde dette skjedd midt i veka, så hadde eg gitt blaffen i jobben og heller jobba inn att nokre timar seinare. Når folk er i naud, då stiller du, seier han.

– Var avgjerande

Torbjørn Seljen Melby, Vågsøy Røde Kors Hjelpekorps

LEIAR: Torbjørn Seljen Melby.

Foto: Kristina Lunde

Det er ikkje berre uheldige Johnsen som prisar innsatsen til dei som medverka i leiteaksjonen. Og spesielt dei frivillige som utfordra naturkreftene for å finne han i live.

Nyvald leiar i Vågsøy Røde Kors Hjelpekorps, Torbjørn Seljen Melby, var sjølv med på bergingsaksjonen denne februarsøndagen i fjor. Han meiner aksjonen var eit godt døme på samspelet mellom profesjonelle og frivillige.

– Den frivillige innsatsen var avgjerande for at bergingsaksjonen gjekk bra. Politiet veit kven dei kan ringe i slike situasjonar, seier han.

1.100 aksjonar i fjor

På landsbasis la over 10.000 frivillige ned 48.267 timar på 1.100 rednings- og leiteaksjonar i fjor.

Røde Kors Hjelpekorps er den største frivillige aktøren innan norsk redningsteneste. Mange av medmedlemene hans har vore engasjerte i både 30 og 40 år. Om ikkje meir.

– Når du er med og bergar liv, då sit du att med ei utruleg god kjensle, seier Seljen Melby.

Tok ikkje skrekken

For Johnsen sin del enda fjellturen med tre-fire dagars opphald på Haukeland, etterfølgd av over to veker ved Førde sentralsjukehus. Etter tre timar oppetter steinen, fekk han store frostsår på magen. Dei viser framleis godt.

Uhellet har ikkje skremd han frå å halde fram med fjellturane.

– Eg var oppe seinast for to veker sidan, men har aldri vore ned att der eg landa. Eg vil opp og sjå når snøen forsvinn. Då ynskjer eg også å sjå om eg finn att mobilen min, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.